dc.description.abstract | Denne kvalitative studien ser på bruk av kartleggingsverktøyet Working Model of the Child Interview (WMCI) i barnevernet. Studien si problemstilling er; Er Working Model of the Child Interview eigna som kartleggingsverktøy i utgreiingar av sped- og småbarnssaker i det kommunale barnevernet? Studien er meint som eit bidrag inn i debatten om bruk av standardiserte kartleggingsverktøy i barnevernet sine utgreiingar. Studien ser òg på kva som eventuelt må ligge til grunn dersom den skal vere eigna å bruke i sped- og småbarnssaker i det kommunale barnevernet.
Studien er hermeneutisk orientert, og tar utgangspunkt i tilknytingsteori. Seks informantar som alle jobbar i barnevernet og brukar WMCI i sine utgreiingar har deltatt med sine oppfatningar av, og erfaringar med bruk av metoden. Av desse seks er det to psykologar, tre barnevernpedagogar og ein sosionom som har deltatt.
Resultat av studien viser at WMCI er eigna som kartleggingsverktøy i utgreiingar av sped- og småbarnssaker i det kommunale barnevernet under gitte forhold. I barneverntenester der
barneverntilsette innehar kompetanse på sped- og småbarnsfeltet utover bachelornivå, opparbeider seg mengdetrening i metoden, samt organiseringa ligg til rette for bruk av metoden gjennom samarbeid i analysearbeidet med kollegaer, rettleiar eller andre fagpersonar som òg er kompetente på metoden, vil metoden vere eigna som kartleggingsverktøy i sped- og småbarnssaker. Vidare er metoden eigna i slike utgreiingar, som eitt av fleire metodar i utgreiinga, da den må kvalitetssikrast gjennom samspelsobservasjon og innhenting av opplysningar frå andre instansar som òg kjenner familien.
Dei barneverntilsette i denne studien hevdar at dei ikkje hadde fått fram ei like god forståing av relasjonen barn-foreldre, og foreldras mentalisering og indre arbeidsmodell utan bruk av WMCI. Dei oppnår òg ein allianse med foreldra, som er nyttig i det vidare arbeidet med familien.
Arbeidet er eit sjølvstendig masterprosjekt, godkjent av Norsk Samfunnsvitenskapelig Datatjeneste (NSD). Eg har sjølv gjennomført datainnsamlinga | nb_NO |