Sjølvrefleksjon som verktøy for bevisstgjering i barnehagen
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2754043Utgivelsesdato
2021Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Denne masteroppgåva i spesialpedagogikk omhandlar pedagogar i barnehage sin sjølvrefleksjon. Oppgåva sitt formål er å få innsikt i korleis refleksjon over eige sjølv i samspel med barn i barnehagen føregår og korleis refleksjonane kan bidra til bevisstgjering.
Problemstillinga er:
Korleis nyttar pedagogar i barnehage refleksjon som bevisstgjering kring eiga rolle i samspel med barn?
Valt forskingsdesign for å belyse problemstillinga er kvalitativ metode og halvstrukturert intervju av fire pedagogar i tre ulike barnehagar. Funn frå intervjua vert analysert og fortolka i lys av den vitskapsteoretiske ramma hermeneutikk og den teoretiske bakgrunnen nøkkelomgrepa dannar, saman med det dialektiske perspektivet på relasjonar. Sentralt i fagteorien er korleis bevisstheit kring vår eiga historie spelar ei rolle, korleis vaksne sin sjølvrefleksjon påverkar barn si utvikling og barnehagen som arena for sjølvrefleksjon.
Oppsummert viser studien at pedagogar i barnehagen reflekterar over eige bidrag i samspel med barn ved å ha eit forhold til og å vere kritisk til eigen praksis, og ved å sjå på faktorar som kan distrahere dei vaksne. Funna viser at refleksjon over vaksne si rolle i samspelet med barn både er indre motivert ved at det rører ved noko i individet og ytre motivert ved at prosjekt eller liknande set refleksjon på dagsorden. Pedagogane peikar på sitt eige ansvar i samspelet som viktig. Pedagogane skildrar at refleksjon vert nytta som bevisstgjeringsverktøy ved at personalgruppa arbeider som ein reflekterande kultur og at verktøy som bidreg til å systematisere arbeidet er hensiktsmessig for bevisstgjering. Å kunne pirke i kvarandre sin veremåte, å ta opp vanskelege samspel og gje tilbakemeldingar til kvarandre i kvardagen er kjenneteikn ved kulturen pedagogane skildrar. Mange av verktøya som vert nytta av dei fire intervjua pedagogane støttar ein slik kultur.