Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorTefre, Marthe
dc.date.accessioned2022-10-17T09:07:49Z
dc.date.available2022-10-17T09:07:49Z
dc.date.issued2020
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3026336
dc.description.abstractStatistisk sett er tilsette i helse- og omsorgssektoren dei som er mest utsatt for vald på arbeid. Etter fleire års erfaring i barnevernet har eg sjølv opplevd, vore vitne til og høyrd andre miljøterapeutar stå i valdshendingar og truslar om vald både, i enkelt episodar og over tid. Dette har fått meg til å undre meg over korleis det eigentleg påverkar miljøterapeutar å stå i dette og korleis det påverka relasjonsarbeidet. Studiet blir belyst igjennom problemstillinga «Korleis kan ein forstå miljøterapeutanes erfaringar med vald og truslar om vald på barnevernsinstitusjonar, og korleis kan relasjonsarbeidet forståast?» I studiet er det brukt kvalitativ metode med utgangspunkt i individuelle intervju, ved bruk av den vanligaste metoden for gjennomføring som er ansikt- til- ansikt, der det er eit fysisk møte mellom forskar og informant. Det er intervjua ni miljøterapeutar som jobbar på barnevernsinstitusjon hos ulike arbeidsgivarar. Funn i oppgåva viser at åtte av ni informantar fortel at dei synes det er verre å vente på at det skal skje ein episode med vald og truslar, enn å faktisk stå i situasjonar med vald og truslar. Det viser seg òg at informantane synes det er verre å bli spytta på enn å bli slått. I situasjonar der det har vore fare for miljøterapeutens liv og helse har det vore så øydeleggande for relasjonen og miljøterapeuten at det er blitt relasjonsbrot ved at miljøterapeuten har bytta institusjon. Noko av det informantane trekker fram som spesielt viktig for å holde ut i jobben er at dei blir anerkjent og støtta av kollegar og leiarar. Informantane fortel at periodar eller episodar med vald og truslar kan gå utover motivasjon, søvn og gje ein følelse av maktesløshet. For relasjonsarbeidet er det avgjerande at miljøterapeutane og ungdomane får snakka saman når det oppstår hendingar med vald og truslar. I forhold til relasjonsarbeidet fortel dei fleste miljøterapeutar at dei har erfaringar med at relasjonane kan bli sterkare etter valdshendingar og truslar om vald. At miljøterapeutane synes det er verre å gå i påvente på ein situasjon versus å vere i situasjonen har med kontroll og handtering å gjere. I situasjonar kan miljøterapeutane handle og løyse situasjonen, i forhold til å gå å vente på noko ein ikkje veit kva er. Situasjonane kan òg vere fort overstått, i forskjell til ventetida som kan gå over lang tid. I ventetida har ikkje miljøterapeutane kontroll på kva som skjer eller eventuelt når det skjer, dermed har miljøterapeutane ikkje same opplevelse av kontroll og makt. Når hendingane blir så alvorlege at det har vore fare for liv og helse har frykta tatt overhand, og dermed har ikkje dei det gjeld av miljøterapeutane klart å gå tilbake i arbeid med ungdomen som utførte handlingane. Miljøterapeutane kjenner på maktesløshet når dei ikkje klarer å hjelpe ungdomane, og heller ikkje klarer å utføre arbeidsoppgåvene dei har som miljøterapeutar. Å få støtte frå kollegaer og ha debreif etter hendingar har positiv effekt i forhold til få avslutte hendingar og tankane rundt det som har skjedd. Debreif kan òg bidra til at miljøterapeuten og personalgruppa er betre forberedt seinare og kan komme i forkjøpet av situasjonane, og gjerne unngå at det blir ein episode med vald og truslar. I forhold til at miljøterapeutane synes å bli spytta på er verre enn å bli slått, kan ein forstå med at krenkelse er ein verre følelse å kjenne på enn avmakt og eventuell smerte. At valdshendingane kan styrke relasjonen handlar om at miljøterapeutane viser til ungdomane at dei står i situasjonane og er der for dei, noko som vedlikeheld relasjonen. Ungdomane har ulike erfaringar frå barndomen i forhold med tanke på tilknyting og relasjonskompetanse, og dei kan prøve å gjenskape uheldige relasjonar frå barndomen. Det er viktig at miljøterapeutane lære ungdomane nye arbeidsmodellar på korleis dei skal handtere og gjenkjenne eigne følelsar. Dette kan bidra til at ungdomane får nye og betre strategiar til å handtere følelsane sine, i staden for å ty til vald og truslaren_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskolen i Innlandeten_US
dc.titleMiljøterapeutars erfaringar med vald og truslar : Korleis kan ein forstå miljøterapeutanes erfaringar med vald og truslar om vald på barnevernsinstitusjon, og korleis kan relasjonsarbeidet forståast?en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.source.pagenumber78en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel