Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisor
dc.contributor.authorUndheim, Marianne
dc.date.accessioned2023-07-20T16:10:19Z
dc.date.available2023-07-20T16:10:19Z
dc.date.issued2023
dc.identifierno.inn:inspera:145691691:102033941
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3080471
dc.descriptionFull text not available
dc.description.abstractSamandrag Denne kvalitative masteroppgåva sett fokus på korleis ein kan forstå skulefråvær ut ifrå ulike perspektiv. Eigen erfaring som LOS og forsking finn at skulefråvær i stor grad blir forstått via eit individperspektiv der årsaker hos føresette og/eller eleven forklarar fenomenet (Skauge, 2006). Resultatet av dette er at eleven sitt at med ei kjensle prega av skyld og skam (Ramsdalen, 2018). Elevar med skulefråvær har også økonomiske konsekvensar for samfunnet dersom dei ikkje fullfører utdanninga og regjeringa utarbeidar derfor rettleiar og gir pengebevillingar for å stogge dette (Kunnskapsdepartementet, 2022b; Utdanningsdirektoratet, 2023b). Kvar enkelt kommune står fritt til å lage eigen handlingsplan for handtering av skulefråvær, så lenge den er i tråd med opplæringslova (Kunnskapsdepartementet, 2022a). Det er med dette som bakgrunn problemformuleringa i oppgåva er formulert slik: Kva diskursive årsaksperspektiv tilhøyrande skulefråvær kjem til utrykk i Bømlo kommune sin handlingsplan for fråvær i skule og barnehage? Då handlingsplanen er eit styrande politisk dokument for korleis eg og andre fagpersar forstår og møter skulefråvær er det derfor interessant å undersøka kva for ein diskurs som rådar i den, og kva konsekvensar dette kan han for eleven. Som metode for å finne svar på problemstillinga har eg valt Carol Bacchi sin analysemetode What`s the problem represented to be (WPR). Metoden har fokus på korleis politiske dokument framstiller ulike problempresentasjonar, og kva som ligg til grunn for desse, ut ifrå eit sosialkonstruktivistisk perspektiv (Bacchi, 2009). Ved å utforske mi problemstilling via WPR metoden fann eg 3 problempresentasjonar i handlingsplanen: 1. Omsorgssvikt hos føresette er årsak til skulefråvær! 2. Psykisk helse hos eleven er årsak til og konsekvens av skulefråvær! 3.Skulefråvær er ein samfunnsøkonomisk belasting! Problempresentasjonane finn eg at representerarar eit individretta årsaksperspektiv. Eg argumenterer i oppgåva for korleis desse funna har fellestrekk med behaviorismen som psykologisk retning. Desse funna er sett opp i mot Bronfenbrenners utviklingsøkologiske modell, då den utgjer ein motsats til det individretta perspektivet eg fann rådande i handlingsplanen. Funna i denne dokumentanalysen kan etter min oppfatning væra ein del av forklaringa på kvifor ein opplev ansvarsdiffusjon i arbeid med skulefråvær, der eleven endar opp med å ta på seg skylda for fenomenet. Dette meiner eg er meir enn grunn god nok for å gjennomføra ein revisjon av handlingsplanen med eit heilheitleg årsaksperspektiv på skulefråvær.
dc.description.abstract
dc.languagenno
dc.publisherInland Norway University
dc.titleUlike perspektiv på skulefråvær
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

FilerStørrelseFormatVis

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel