Snakk om Blues! : Ein tverrfagleg plan for kompetanseutvikling for Bok & Blueshuset på Notodden
Working paper
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/144864Utgivelsesdato
2013Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Rapporten Snakk om blues! er ein tverrfagleg plan for kompetanseutvikling for det nye Bok &
Blueshuset på Notodden skriven på oppdrag for Europas Blues Senter (EBS). Vår tids
kulturhus inneheld ei rad ulike funksjonar og tenester frå ulike fagområde der tilrettelegging
for høg fagleg kvalitet i alle ledd er avgjerande for at gjester og publikum får gode
opplevingar, og bidrar til at arrangøren og arrangementet får godt omdøme. Servicetenester og
servicedesign står sentralt for å planlegge god tilrettelegging for publikum og besøkande.
Tverrfagleg tilnærming og god samarbeidsånd er viktig for å navigere i det komplekse og ofte
uforutseielege arbeidsfeltet som kulturhus representerer. Rapporten peikar på styrken som ligg
i forteljing og storytelling som metode og samværsform. Avslutningsvis blir det peika på
sentrale føringar i Kulturutredningen 2014 (NOU 2013:4) som kan vere retningsgjevande i
viktige vegval for Bok & Blueshuset på Notodden.