Show simple item record

dc.contributor.authorTunestveit, Merete
dc.date.accessioned2010-12-21T10:14:14Z
dc.date.available2010-12-21T10:14:14Z
dc.date.issued2010
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/145089
dc.description.abstractStudien er gjort med tanke på å setje lys på korleis sakshandsamarar i barnevernet forstår og handterer fattigdomsproblematikk i arbeidet sitt. Eg har nytta ein del litteratur til å gi kunskap om tema, samt gjort ei kvalitativ intervjuundersøking av 6 sakshandsamarar/leiarar i barnevernet. Ein stor del av brukarane i barnevernet er fattige, med ei opphoping av andre belastningar. Dette er medverkande til å skape risiko for barn. Studien viser at fattigdom likevel ikkje er gjort til eit eksplisitt tema i barnevernet. Det er berre noko som er der. Samstundes ser barnevernet det klart som si oppgåve å medverke til at barna i desse familiane får delta saman med andre barn. Mandatet og rammene til barnevernet i denne samanheng vert opplevd å vere utydelege, og det same gjeld barnevernet sitt ansvar i relasjon til andre hjelpetenester sitt ansvarsområde. Det er mykje som tyder på at barnevernet er dei som tar desse familiane til seg, og gjer det dei kan, med dei tiltaka dei har å rå med, utan tilstrekkeleg medverknad frå hjelpeapparatet elles. Dette medfører at det for det meste vert ytt kompenserande tiltak i form av t.d. fritidstiltak for barna. Å skape meir grunnleggjande endring for dei fattige barna og familiane er ei tyngre oppgåve som barnevernet ikkje har reiskapar eller ressursar til å meistre. Til dette vil det krevje ein tung og målretta politisk innsats som gjev meir retning for kven og korleis dette skal løysast.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.titleFattigdom - eit dilemma for barnevernet? : ein kvalitativ studie av korleis sakshandsamarar i barneverntenesta forstår og handterer fattigdom i arbeidet sitten_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.subject.nsiVDP::Social science: 200::Social work: 360en_US


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record