Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorBruland, Lillian
dc.date.accessioned2011-03-09T10:54:48Z
dc.date.available2011-03-09T10:54:48Z
dc.date.issued2009
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/145099
dc.description.abstractDenne oppgåva er meint som eit bidrag til diskusjonen om kva som er hjelpsam hjelp i behandling av menneske med rusvanskar. Eg tar utgangspunkt i kvalitative intervju eg har gjennomført med fem unge menneske mellom 23 og 32 år som har fortalt om erfaringane sine med å ha hatt store rusvanskar og med å kome ut av dei. Dei hadde alle opplevd å få hjelpsam hjelp på vegen ut av avhengigheita til rusmiddel og fokuset i intervjua var på kva som karakteriserte hjelpa som ungdommane opplevde som hjelpsam og korleis dei profesjonelle hjelparane kunne fremme hjelpsame endringar. Problemstillinga eg har søkt å finne svar på er: kva er hjelpsam hjelp for unge menneske som har kome ut av rusavhengigheit? Eg har hatt eit fenomenologisk og hermeneutisk utgangspunkt og har som analytisk verktøy nytta meg av Ekeland sine tankar om endring som meiningsendring, det interaksjonistiske perspektivet med blant andre Becker og Skatvedt og omgrepet handlingskompetanse, kor Per Nygren er ein sentral bidragsytar. Analysen av intervjua med ungdomane har vist at endringsprosessen dei har gått gjennom inneheld fleire dimensjonar. Eg har kategorisert opplevingane deira i tre ulike prosessar som alle var vesentlege for å forstå vegen ut av avhengigheita til rusmiddel. Desse tre prosessane var for det første prosessen med å få tillit til og utvikle ferdigheiter til å nyttiggjere seg av det profesjonelle hjelpeapparatet. Den andre prosessen skildrar endringar i forholdet deira til rusmidlane. Ungdomane opplevde rusen både som eit gode, som skammeleg og som noko som tek styring. Alle desse ulike opplevingane opplevde dei ei endring i. Den tredje prosessen er knytt til det å etablere seg som ein nyktern deltakar i rusfrie miljø. Analysen viser at den nye identiteten som ”streit” måtte erfarast og lærast. Dei tre prosessane med å bli klient, med å endre forholdet til rusmidlane og med å bli streit var alle naudsynlege delar av prosessen med å bli rusfri og dei verka inn på kvarandre. I oppgåva vert desse tre prosessane nærare presentert og undersøkt. Ungdomane har fortalt om fleire hjelpsame møter med profesjonelle hjelparar, og i oppgåva vert ulike aspekt ved den hjelpsame hjelpa drøfta. Det har til dømes synt seg sentralt at hjelper tilbyr ei hjelp som er passe ulik til korleis ungdomen sjølv opplever og handterer situasjonar. Dette handlar blant anna om hjelparen sin evne til å sjå og verdsette ungdomane sin handlingskompetanse, samstundes som den ser og stør opp der ungdomen har manglande eller dysfunksjonell kompetanse. Handling vert løfta fram som ein sentral del av kommunikasjonen mellom klient og hjelpar og spesielt handlingar som vert opplevd av ungdommane som teikn på at hjelpar er engasjert og bryr seg om den andre, er hjelpsame. At personlege sider ved den profesjonelle hjelpar vert synleggjort blir vurdert som ein potensiell ressurs i arbeidet, og uformell samhandling mellom hjelpar og klient har synt seg som ein viktig arena for utvikling og læring. Det vert og illustrert korleis ungdomane sine opplevingar taler for å fremme eit syn på profesjonalitet som situasjonsbestemt. Ungdomane sine behov varierer og det synes sentralt at hjelpeapparatet er lydhør for ungdomane sine blikk på situasjonen og tilpasser hjelpa etter behova til den andre.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.subjectrusmisbruken_US
dc.titleOm å bry seg på verkeleg : ein studie av tidlegare rusavhengige si oppleving av hjelpsam hjelpen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.subject.nsiVDP::Social science: 200::Social work: 360en_US
dc.source.pagenumber118en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel