Eit godt barndomsminne sin funksjon og innhald : Ein studie kring barndomsminna si betyding sett i perspektivet til seks informantar med oppvekst frå kvart sitt tiår
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/145105Utgivelsesdato
2012Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Denne oppgåva er mitt bidrag til samfunnsvitenskapen si forståing kring barndomsminners
innhald og funksjon. Problemstillinga eg har søkt å finne svar på er: Kva funksjon og innhald
har eit godt barndomsminne?
Ved bruk av kvalitativt intervju, har eg intervjua seks menneske i alderen 27 til 89 år som har
fortalt sine historier om gode minne dei huskar frå tida dei var born. Som teoretisk
utgangspunkt har eg nytta både fenomenologien og hermeneutikken då desse to gjev ei god
forståing av korleis ein kan forstå forteljingane ein får ta del i. For å bli kjent med forteljingar
frå barndomen har eg valt livshistoriske intervju, med narrativ som utgangspunkt. Eg har to
sett med narrativ eg ynskjer å søkje svar på i arbeidet med denne oppgåva, det første er
forteljinga om dei gode barndomsminna, den andre er forteljinga om kvardagslivet. Narrativa
er meiningsskapande for den enkelte, det vil seie at når vi blir kjende med narrativa til
informantane, får vi innsikt i forhold som har vert viktige for den enkeltes meiningsdanning. I
dei livshistoriske forteljingane ligg der også mykje informasjon om den sosiale konteksten
rundt det enkelte individ, også denne kunnskapen er relevant for mitt prosjekt ettersom eg
ynskjer å sjå på kva barndomsminna fortel om individets forhold til omgjevnaden rundt.I framlegginga av empirien, har eg valt å dele informantane inn i to generasjonar for å kunne
sei noko om kva som er likt, og kva som er ulikt generasjonane mellom. Empirien vil bli
presentert i to kapittel, kor ein i den første delen lar informantane vise fram forteljingane sine
om gode barndomsminne, medan ein i det neste kapittelet lar dei vise fram historiene om det
daglege kvardagslivet.
Analysen av intervjua syner at informantane har svært ulike forteljingar om korleis verda
deira såg ut i den tida dei var barn, på same tid viser det at tross store samfunnsendringar, så
er der noko som ser ut til å være konstant, og som har like stor betyding hos alle
informantane.