Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHåland, Ingebjørg
dc.date.accessioned2015-11-18T13:42:03Z
dc.date.available2015-11-18T13:42:03Z
dc.date.issued2015-11-18
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2364548
dc.description.abstractDenne masteroppgåva handlar om å finne eigna behandlingsformer for samanfallande rusmiddelmisbruk og eteforstyrringar. I seinare tid har det vorte føreteke mange studiar på koplingar mellom desse lidingane. Til tross for dette er det langt mindre forsking som gjenspeglar kausaliteta mellom desse lidingane relatert til å finne eigna behandlingsformer. Samstundes søkjer eg å finne svar på korleis ein kan bevare pasienten sin posisjon som subjekt i ein gitt behandlingssituasjon. Følgjande problemstilling vert belyst: «Kva behandlingsformer kan nyttast ved samanfallande eteforstyrringar og rusmiddelmisbruk, og korleis bevare pasienten sin posisjon som subjekt i ein behandlingssituasjon?». Denne masteravhandlinga er bygd opp som ei teoretisk oppgåve som baserer seg på å presentere fenomena ved hjelp av eksisterande forsking. Forskingsmaterialet som vert nytta i dette arbeidet er erverva gjennom bruk av norske og internasjonale databasar samt bruk av søkjetermar. På grunn av for lite mangfald i forskingsfunn ved bruk av databasesøk inkluderar eg også bruk av forsking eg har funne fram til utan systematiske søk. Dette arbeidet har ei hermeneutisk tilnærming og framstår som ei kritisk vurdering av forsking kor eg søkjer å balansere forskingsfunn med eige filosofisk syn. Resultat frå dette arbeidet viser at både eteforstyrringar og rusmiddelmisbruk er så alvorlege lidingar at dei bør sjåast som kroniske. Eit samanfall mellom desse lidingane gir generelt auka medisinske og psykopatologiske komplikasjonar, krevjer lengre behandlingstid og har høg frekvens av tilbakefall. Vidare kjem det fram at mellom anna familieterapi, interpersonleg terapi, sjølvhjelpsgrupper og fleire former for åtferdsterapi kan vere gunstige behandlingsformer ved samanfallande eteforstyrringar og rusmiddelmisbruk. Resultat frå diskusjonen rundt bevaring av pasienten som subjekt i ein behandlingssituasjon viser at å sjå ein pasient som eit myndig subjekt i prinsippet inneber å tilkjenne pasienten kompetanse og føresetnader for å ta eigne val samt ta ansvar, ha ønskjer og intensjonar, og til sist dømekraft i forhold til eigne handlingar. Pasienten sin posisjon som subjekt kan bevarast gjennom å sameine objektivering og subjektivering, men la subjektet vere overordna objektet i den kliniske profesjonen. I ei slik sameining kor subjektiveringa vert vektlagt, vil ein kunne tileigne seg kunnskap om kvar einskild pasient som eit myndig subjekt. Dette føreset innsikt i viktigheita av kontekstuelle faktorar i behandlingssamanheng, då all samhandling mellom pasient og behandlar skjer i ei kontekst, og kommunikasjon, empati og omsorg er essensielt for å bevare pasienten sin posisjon som subjekt.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.titleKva behandlingsformer kan nyttast ved samanfallande eteforstyrringar og rusmiddelmisbruk, og korleis bevare pasienten sin posisjon som subjekt i ein behandlingssituasjon?nb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Social science: 200::Social work: 360nb_NO
dc.source.pagenumber94nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel