Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorPaulsen, Odd Ingebret
dc.date.accessioned2017-06-28T10:59:42Z
dc.date.available2017-06-28T10:59:42Z
dc.date.issued2017
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2447201
dc.description.abstractDet er dei siste åra blitt eit auka fokus på sjølvforsyning av mat i Norge. Sjølvforsyning på det enkelte bruk og produksjon av meir heimeavla fôr har også blitt meir aktuelt. I store delar av Norge er gras eit av få, om ikkje det einaste, alternative grovfôret, men i nokre områder er det aktuelt å dyrka andre fôrvekstar. Fôrmais er eit alternativ i områda med lengst og varmast vekstsesong, men også her er resultata usikre. Formålet med denne oppgåva er ved hjelp av forsøk og studiar, å vurdere om bruk av nedbrytbar folie kan utvida dyrkingsområdet til fôrmais med bakgrunn i sikrare avlingar, kvalitet og økonomi. For å oppnå eit godt mjølkekufôr er det viktig å oppnå høge tørrstoff- og stivelsesverdiar. Dette skjer ved at maiskolben får tid til å utvikla seg og modnas tilstrekkelig. For å oppnå dette har planta behov for ein høg varmesum og mykje sollys. Avling og kvalitet vil variera svært mykje frå år til år, sjølv i dei beste områda i Norge. Den vanlege måten å dyrka fôrmais på er på friland utan noko form for tildekking. Då er ein avhengig av høg nok jordtemperatur (8°C) før maisen blir sådd. Ved å legge folie over det sådde arealet vil denne heve jordtemperaturen og ein kan så på eit tidlegare tidspunkt. Ved å bruke folie vil ein også auke den totale varmesummen gjennom vekstsesongen. Den ekstra varmen og forlenga sesongen gir planta betre forhold og lenger tid til å modnast. Forsking frå både inn- og utland viser ekstra avling og betre kvalitet på fôret med bruk av folie. Under norske forhold ser me ei meiravling på 255kg tørrstoff pr. daa, og stivelseinnhaldet stig med ca. 10 prosentpoeng, tørrstoffprosent aukar også, men her spriker tala litt meir. Det er ekstra kostnadar knytt til å bruke folie. Det skal reknast med meirabeid og moglegeins litt høgare planteverns- kostnadar i tillegg til prisen på sjølve folien. I Norge må ein klara ei meiravling på 200 FEm pr. daa om den ekstra kostnaden til folie skal dekkast. Bekjemping av ugras vil by på utfordringar om det skal dyrkas mais under folie i Norge, det er difor viktig å ha ein klar strategi på korleis dette skal handterast. Bruk av nedbrytbar folie vil auke avling og kvalitet på maisavlinga i områder med marginalt klima for fôrmaisdyrking, og i områder kor dyrking på friland er usikkert. I eit gjennomsnittleg år vil ein oppnå tilstrekkeleg meiravling og kvalitet ved bruk av folie slik at det lønner seg. I veldig gode og veldig dårlege år vil derimot ikkje den ekstra kostnaden ved bruk av folie betala seg, da meiravling og kvalitet ikkje blir stor nok.nb_NO
dc.description.abstractThe last couple of years have seen a heightened focus on self-sufficiency of food in Norway. The importance of every farm to become self – supplied, and the production of homegrown fodder has become more topical. In big parts of Norway, grass is one of few, if not the only alternative of homegrown roughage. However, in some areas it is possible to grow different crops. Silage maize is one alternative in the areas with the longest and warmest growing seasons, but even in these areas the results are uncertain. The purpose of this paper is, with the help of research and studies, to assess if the usage of degradable plastic film can extend the cultivation area of silage maize on the basis of ensuring crops, quality and economy. To achieve high quality maize silage for the dairy cow, it is important to achieve high values of dry matter and starch. This occurs when the corncob is given time to develop and mature adequately. The plant needs high heat units and sufficient sunlight to accomplish this. Crop and quality will vary a great deal each year even in the most applicable areas in Norway. The standard way of growing silage maize is without any form of coverage. Without coverage, it is dependent on a high enough ground temperature (8°C) before the maize is sown. By laying plastic film over the sown surface, the total heat units will rise throughout the growing season. The additional heat and the extended season gives the plant better conditions and a longer period to mature. Research from Norway and abroad show additional crops and higher quality fodder with the use of plastic film. Under Norwegian conditions, it has shown a 255kg increase of dry matter in 1000 square meters. Starch content rise with approximately 10 percentage points, the dry matter percentage rises as well, but the numbers vary. There are additional costs tied to the usage of degradable plastic film. Additional work and possibly higher pesticide costs in addition to the actual prize of the film should be considered. For the process of using plastic film in Norway to be considered successful, one must achieve additional yield of 1415 MJ in 1000 square meters. Fighting weeds will pose a challenge when growing maize under film in Norway, it is therefore important to have a clear strategy on how this should be handled. Use of degradable film will boost crop and quality on forage- maize in areas with marginally adequate climates for this production. In an average year, additional yield and quality will be achieved with the use of degradable film, which in turn will make a profit. In very good and very bad years, the additional costs of degradable film will not pay off, as the boost in crop and quality will not be sufficient.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.titleUtviding av dyrkingsområde til fôrmais med bruk av nedbrytbar plastfolienb_NO
dc.title.alternativeExtension of the cultivation area for silage maize with the use of degradable plastic filmnb_NO
dc.typeBachelor thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Landbruks- og Fiskerifag: 900::Landbruksfag: 910nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel