Show simple item record

dc.contributor.authorRingstad, Malin Røysum
dc.date.accessioned2020-10-02T13:33:28Z
dc.date.available2020-10-02T13:33:28Z
dc.date.issued2020
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2680986
dc.descriptionMastergradsoppgave i kultur- og språkfagenes didaktikk, Høgskolen i Innlandet, 2020.en_US
dc.description.abstractI denne masteroppgåva har eg sett på lærarrefleksjonar om ordinnlæring hjå elevar i 1. klasse som deltek på eit intensivt språkkurs for å auke det akademiske ordforrådet. Bakgrunnen for dette er at ein kommune på austlandet har utvikla eit obligatorisk språkkurs som skal gjennomførast med elevar som treng å styrke ord- og omgrepsforståinga si. Elevane blir valt ut gjennom ulike kartleggingar i byrjinga av skuleåret, og lærarane gjennomfører ein pre- og posttest for å sjå om det akademiske ordforrådet deira har auka. Problemstillinga mi er: Korleis kan intensive språkkurs vere med på å auke det akademiske ordforrådet hjå elevar i 1. klasse? Metodisk har oppgåva brukt semistrukturert intervju for å finne svar på problemstillinga mi, og eg har intervjua fire lærarar som har ansvaret for språkkurset på kvar sin skule. Det empiriske datamaterialet har eg analysert ved å bruke tematisering, og deretter meiningsfortetning for å tydeleggjere meiningane til informantane. Funna mine gir ein liten indikasjon på at forståinga av nokre ord hadde auka når ein ser på samtalane som informantane hadde med elevane, samstundes gir informantane uttrykk for at pre- og posttesten ikkje gav dei så mykje. Informantane gir utrykk for at det er positivt å arbeide med opplegget i små elevgrupper. Dei opplever at elevane blir meir munnleg aktive og at dei blir bevisste på ordlæringsstrategiar som tankekart. Dette kan vere til hjelp når elevane kjem over ord dei ikkje kan. Funna mine kan tolkast til at dei fleirspråklege elevane som blir valt ut til å vere med på språkkurset blir kartlagt med ein omgrepstest, som i stor grad fungerer som ei språkprøve for denne elevgruppa. Det er fordi språkdugleikane blir målt gjennom andrespråket deira og den tek ikkje omsyn til multikompetansen som denne elevgruppa har. Når ein ser på pre- og posttesten viser funna mine at validiteten og reliabiliteten er låg, blant anna fordi informantane har ulike skjønn når det gjeld å poengsetje svara og informantane er usikre på kva akademiske ord eigentleg er. Etter mi meining er det lite sannsynleg at det akademiske ordforrådet til elevane har auka gjennom dette språkkurset som varer i 8 veker, fordi det trengs systematisk arbeid over lang tid dersom ein skal styrke ordforrådet. Dette gjeld både for einspråklege og fleirspråklege barn.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.subjectMIKSen_US
dc.subjectordforråden_US
dc.subjectbarneskolenen_US
dc.titleLærarrefleksjonar og ordinnlæring. Korleis kan intensive språkkurs vere med på å auke det akademiske ordforrådet hjå elevar i 1.klasse?en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.source.pagenumber114en_US


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record