Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorWalseth, Jørund
dc.date.accessioned2021-11-04T09:52:10Z
dc.date.available2021-11-04T09:52:10Z
dc.date.issued2021
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2827805
dc.description.abstractDenne oppgåva set lys på dei fem kompetanseområda for utforsking i det Nasjonalt kvalitetsrammeverket for karriereveiledning som heiter karriereknappene (Kompetanse Norge, 2020). Karriereknappane er relativt nye for praksisfeltet, og enda lite nytta i den norske skulen. Problemstillinga i denne oppgåva er: Kva erfaringar har lærarane med bruk av karriereknappane som eit verktøy i ei meir holistisk tilnærming til karriererettleiing i vidaregåande skule? I teorien har eg gjort greier for det Nasjonalt kvalitetsrammeverk for karriereveiledning (Kompetanse Norge,2020), Livsmeistringstematikken i fagfornyinga (Utdanningsdirektoratet, 2020), og lagt vekt på det holistiske perspektivet på karriererettleing. Eg har nytta kvalitativ tilnærming i metoden for å svare på problemstillinga, og personleg intervju som datamateriale i innsamlinga. Utvalet består av sju respondentar, og eg nytta fortolking av meining som utgangspunkt for analyse av datamaterialet. Resultata viser at seks av sju respondentane opplever karriereknappane som eit positivt verktøy i karrierelæringsarbeidet. Det er fleire som seier at dette er eit nyttig verktøy i mange samanhengar. Resultata viser at respondentane ser ein samanheng mellom livsmeistring og karriere, og at ein kan argumentere for at karriereknappane kan nyttast inn mot livsmeistringstematikken. Fleire respondentar opplever at karriereknappane er lette å knytte til fag, og enkelte meiner at det kan hjelpe dei å gjere faga meir relevante for elevane. Andre seier at karriereknappane kan hjelpe skulen til å skape ein meir heilskap. Heilskap mellom fag og det som kjem etter den vidaregåande skulen. Resultata viser også at alle respondentane er positive til at lærarane skal ha ein eller anna funksjon i karriererettleiingsarbeidet i skulen.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskolen i Innlandeten_US
dc.titleLærarar si erfaring med karriereknappane : Kva erfaringar har lærarane med bruk av karriereknappane som eit verktøy i ei meir holistisk tilnærming til karriererettleiing i vidaregåande skule?en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.source.pagenumber88en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel