«Ungdomsroman om sosiale stereotypiar. Framstilling av identitet gjennom sosiale klasser, makt og kjønn i Bjørnstad (2017) av Fredrik Backman».
Abstract
I denne masteroppgåva ser eg på korleis sosiale klasser, maktstruktur og kjønn er med på å konstruere identitet i romanen Bjørnstad skrive av den svenske forfattaren Fredrik Backman. Identiteten vår er gjerne todelt, der vi på den eine sida ønskjer å ha vår eigen, personlege identitet, men på den andre sidan er vi påverka av samfunnet og eit ønskje om å høyre til i eit fellesskap. Begge typar identitet er med på å bestemme kven vi er, og dei er avhengig av kvarandre, vi kan ikkje berre ha ein av dei. Maktteorien til Bourdieu er sentral i denne framstillinga og det er tydelege skilje mellom klassene og kjønna i både romanen og teorien. I Bjørnstad er menn dominante og har alle maktposisjonar i samfunnet, medan kvinner er underdanige og har lite makt. Der kvinnene i romanen likevel har fått maktposisjonar er dei gjerne framstilt med maskuline trekk som indirekte viser den mannlege dominansen i samfunnet. Klassekampen i Bjørnstad blir vist gjennom eit marxistisk perspektiv og viser forholdet mellom basis og overbygninga gjennom ishockey. Desse to omgrepa er avhengige av kvarandre, som ein parallell til identitetsspørsmålet. Kven er eg og kven er vi?Masteroppgåva viser at kjønn er ein viktig identitetsmarkør som vi ikkje kan oversjå, noko Bourdieu sin habitusteori ikkje har tatt med i betraktning, og som eg tenkjer er ei svakheit i teorien hans. I tillegg er det eit interessant perspektiv å sjå kor tradisjonelle kjønnsrollene er i Bjørnstad, sjølv i 2017 då romanen var skrive. Det underbygg kor viktig det er å sjå ein tekst eller eit kunstverk opp mot tida det blei laga, slik nyhistorismen foreslår.Konklusjonen min er at det tradisjonelle kjønnsrollemønsteret lev i beste velgåande i Bjørnstad og kjønnsidentitet, klasse og makt styrar oss anten vi vil eller ikkje. In this master thesis, I look at how social classes, power structure and gender help to construct identity in the novel Bjørnstad written by the Swedish author Fredrik Backman. Our identity is often twofold, where on the one hand we wish to have our own, personal identity, but on the other hand we are influenced by society and a desire to belong in a community. Both types of identity help to determine who we are, and they are co-dependent. We cannot be the one without the other. Bourdieu’s power theory is central to this presentation and there is a clear distinction between class and gender in both the novel and theory. In Bjørnstad, men are dominant and have all the power in society, while women are submissive and have little power. Where women do have power positions, they are often portrayed with masculine features that indirectly show the male dominance in society. The Marxist perspective in the novel deals with class struggles in Bjørnstad and show the relationship between the base and the superstructure through ice hockey. These two terms are also dependent on each other. Also, the fact that gender is not considered as an important identity marker I believe may be a weakness in Bourdieu’s theory and needs to be examined more. In addition, it is an interesting perspective to see how traditional gender roles are seen in Bjørnstad, even in 2017 when the novel was written. This suggests that reading a text or enjoying art with regards to the period it was produced, is important just like new historicism implied.My conclusion is that the traditional gender role patterns is still alive in Bjørnstad, and gender identity, class and power govern us whether we like it or not.