dc.description.abstract | Digitalisering har stor påverknad på samfunnet, og kvardagen vår har vorte meir og meir digitalisert. Den kanskje største endringa i norsk skule dei siste åra er digitaliseringa. Sjølv om det har vore betydeleg satsing og forventningar frå både myndigheitene og samfunnet rundt om at teknologien skal forandre skulen, viser forsking at effekten av digitalisering i stor grad ikkje har endra skulen si kjerneverksemd.
Denne studien undersøkjer samanhengen mellom nasjonale styringsdokument og skuleleiarar sine opplevingar knytt til digitalisering av skulen. Den fyrste artikkelen er ein dokumentanalyse av tre nasjonale overordna styringsdokument om digitalisering i skulen for å undersøkje korleis desse har endra seg dei siste tjue åra. Studien viser at både måla og moglegheitene som er nemnt i styringsdokumenta, reflekterer endringa i teknologien. Ansvarsfordelinga har endra seg frå at ansvaret låg på nivåa over skule og kommune, til at skuleleiinga og lærargruppa har fått spesifisert ansvar, og leverandørar av digitale løysingar har fått ansvar og oppgåver. Mens det før var utstyr og infrastruktur som vart nemnt som utfordringar, er det i nyare styringsdokument fokus på sikkerheit og personvern.
Den andre artikkelen er ei kvalitativ undersøking som undersøkjer korleis tre skuleleiarar opplever si rolle med å utvikle den profesjonsfaglege digitale læraren. Studien indikerer at skuleleiarar manglar overordna strategiar og lokale handlingsplanar for det digitale utviklingsarbeidet. Rektorane opplever at praksisendring tek tid, det er «strekk i laget» og lærarne treng meir rettleiing i digitalt utviklingsarbeid enn anna utviklingsarbeid. Digitalt utviklingsarbeid krev både distribuert og transformativ leiing. Samla sett indikerer funna at skuleleiar si rolle er avgjerande for å fremme den profesjonsfaglege digitale læraren og bidra til vellykka digital tranformasjon i skulen.
Studien bidreg til å belyse utfordringar og moglegheiar knytt til digitalisering i skulen der skuleleiinga er viktig for å drive utviklinga framover. | |