Overgang frå barnehage til skule
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3166249Utgivelsesdato
2024Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Samandrag
Bakgrunn for denne oppgåva vår er vår praksis og erfaring med å jobbe med barn som skal begynne på skulen, og overgang frå barnehage til skule. I 2018 kom det ei lov som seier at skulen har ei plikt å samarbeide med barnehage og SFO om overgang frå barnehage til skule. Skulen har ansvar for å utarbeide planen for dette arbeidet.
Problemstillinga i denne masterstudien er: I kva grad er det samsvar mellom sentrale styringsdokument og forsking om overgang mellom barnehage og skule?
Forskingsspørsmåla i studien omhandlar i kva grad styringsdokument og forsking samsvarar når det gjeld samarbeid, læring, barn sin medverknad, leik og relasjonar. Vi har brukt metoden litteraturstudie for å finne svar på problemstillinga vår. Vi har nytta oss av fagfellevurdert forsking og oversiktsartiklar om temaet, og lovverk og aktuelle styringsdokument, om overgang frå barnehage til skule. Etter gjennomgang av relevante styringsdokument og forsking på valt tema, viser forsking at det er planar på leiarnivå for overgang frå barnehage til skule og at samarbeidet er godt. Det viser seg at ikkje alle lærarar og pedagogar veit om desse planane, sjølv om det er dei som møter barna. Utfordringar som tid, felles møteplassar, fysisk avstand og ulikt syn på leik og læring kan utfordre samarbeidet. I mange tilfelle blir leiken sett på som ein viktig del av ein trygg overgang, og det barnehagen fokuserer på bør sjåast igjen i førsteklasserommet. Det er ulikt fokus i dei ulike læreplanane frå 1997 til 2020, det er endring i synet på leik, læring og barnas syn.
Studien viser at arbeidet med overgang frå barnehage til skule varierer mellom dei ulike skulane, og kven som er pedagog/lærar i skulane eller barnehagane. Styringsdokument og lovverket legger vekt på samarbeid med barnas foreldre, men dette har ikkje vert omtalt i forskinga i denne studien. Det forskast mindre på barnas perspektiv på kva som skapar ein god overgang, og i forsking som denne studien har nytta, er det leik og vennskap barna sjølv ser på som viktig. Abstract
The background for our assignment is our practice and experience of working with children who are about to start school and the transition from kindergarten to school. In 2018, a new law that the school must cooperate with kindergartens and after-school care providers on the transition from kindergarten to school. The school is responsible for preparing the plan for this work. In this study, we will question what compliance is there between key governing documents and research on the transition between kindergarten and school. The research questions in the study look at the extent to which there is agreement between the management document and research when it comes to cooperation, learning, children's participation, play, and relationships? We have used the literature study method to find answers to our research question. Where we make use of peer-reviewed research and review articles on the topic, and in light of what current legislation and relevant governance documents say, about the transition from kindergarten to school. After reviewing relevant governing documents and research on the chosen topic, research shows that there are plans at the management level for the transition from kindergarten to school and that the collaboration is well-founded. It turns out that not all teachers and educators know about these plans, even if they are the ones who meet the children. Challenges such as time, common meeting places, physical distance, and different views on play and learning can challenge collaboration. In many cases, play is seen as an important part of a safe transition and what the kindergarten focuses on should displayed in primary school. There is a different focus in the various subject curricula from 1997 to 2020, there is a change in views on play, learning, and children's views. The study shows that the work with the transition from kindergarten to school varies between the different schools, who are educators/teachers in the schools or kindergartens. The governing document and legislation emphasize cooperation with the children´s parents, but this has not been featured in the research of this study. There is less research on the children's perspective on what creates a good transition, and in the research that this study has benefited, it is play and friendship that the children themselves see as important.