Kristen ungdomsidentitet online – posisjon eller relasjon? : i kva grad samsvarer anti-essensielle identitetsteoriar med kristen identitetsforståing, og korleis dannar, opplever og uttrykker kristen ungdom tru, verdiar og identitet på internett?
Master thesis
Åpne
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/132615Utgivelsesdato
2010Metadata
Vis full innførselSammendrag
Norsk: Masteroppgåva ”Kristen ungdomsidentitet online – posisjon eller relasjon” teiknar eit bilete av korleis kristen ungdom uttrykker tru, verdiar og identitet på internett. ”Kristen ungdom” er elevar ved Norsk Luthersk Misjonssamband sine kristne vidaregåande internatskular, der underteikna er tilsett som lærar. Nærleik til tema og informantar medførte behov for etisk og kritisk refleksjon over forskarrolla i forhold til personvern, sensitivitet og validitet. Dette er berørt i metodekapittelet, men validitet i oppgåva forståast som kontekstuell validitet; å teikne eit bilete som kristen ungdom sjølv kjenner seg att i. Men problemstillinga har to fokus:
Det første fokuset er i kva grad anti-essensielle identitetsteoriar samsvarer med kristen identitetsforståing, og kva kristen tru og tenking kan tilføre av nye perspektiv innan fagfeltet. Beskriving av religiøs tru i identitetsdanninga må ta utgangspunkt i teoriar som er opne for, og tek på alvor denne dimensjonen, og ei antaking i oppgåva er at anti-essensiell tenking ikkje gjer det i tilstrekkeleg grad. Drøfting av identitetsbegrepet er difor via stor plass. Oppgåva utfordrar førestillingar frå Foucault, Hall og Butler, og kritiserer ei overflatisk beskriving av identitet og identitetsdanning lausreve frå verdiar, avvisande til religiøs tru, og som i sum definerer identitet som å innta upersonlege, diskursivt forma posisjonar. Mot dette oppfordrar oppgåva ut frå forsking og kristen tru til å leite etter identitet utover identiteten, utanfor subjektet! Ulike identitetsdannande faktorar samlast i ei relasjonell forståing av identitet, der relasjonar saman med andre faktorar dannar grunnleggande mønster for identitetsutvikling.
Det andre fokuset er korleis kristen ungdom dannar, opplever og uttrykker kristen tru, verdiar og identitet på nettet. Sentrale spørsmål er korleis online-trua samsvarer med offline-trua, og i kva grad internett utgjer ein trussel mot kristen identitetsdanning. Det empiriske materialet baserer seg på anonyme spørjeundersøkingar blant ungdomar ved NLM-skulane som definerer seg som kristne. Viktige funn er at det utviklar seg lokale forskjellar i normer og praksisar mellom skulane når det gjeld bruk av nettmedier. Vidare viser analysen at ungdomane har stor grad av bevisstheit i forhold til nett-aktivitet, og vektlegg samsvar i tru, verdiar og identitet mellom online og offline-verdene. Relasjonar utgjer den grunnleggande motivasjonen for ungdomane til å vere online, noko som samsvarar med identitetsbegrepet i teoridelen. Konklusjonen er at internett i seg sjølv ikkje er nokon større trussel enn andre utfordringar i identitetsdanninga, så lenge ein vektlegg samanhengen mellom verdene. English: The master thesis "Christian Youth Identity Online - Position or Relation" tries to picture how Christian youth express their faith, values and identity on the Internet. "Christian youth" are students at the Norwegian Lutheran Mission's Christian upper secondary boarding schools, where signed is employed as a teacher . Proximity to theme and informants sparked a need for ethical and critical reflection on research role in relation to privacy, sensitivity and validity. This is covered in the methodology chapter, but the measure for validity of the thesis gathers in the concept of contextual validity; to provide a "snap-shot" of Christian youth online where they recognize themselves. The thesis has two focuses in the approach:
The first focus is to what extent anti-essential theories match with a Christian understanding of identity, and what perspectives Christian thinking can bring to the field.. Descriptions of religious belief in the identity formation must be based on theories that is open to, and takes seriously this dimension, and an assumption in the thesis is that anti-essential thinking does not do that sufficiently. Discussing the concept of identity is therefore at the core of the thesis. The thesis challenges views from Foucault, Hall and Butler, and criticizes a superficial understanding of identity and identity formation that is detached from values, neglecting religious beliefs, and in sum defines identity as adopting impersonal, discursive positions. Against this the thesis encourages on the basis of research and Christian faith to look for identity beyond identity! Identity forming factors centers in a relational understanding of identity, where relations constitute the essence in patterns for identity formation.
The second focus is how Christian youth form, experience and express their faith, values and identity online. Central questions are how online-faith matches offline-faith, and whether Internet is a threat to Christian identity. The empirical material is based on anonymous questionnaires among students on the NLM schools that define themselves as Christians. Key findings is that there develop local differences in norms and practices in the use of online media. The analysis also shows that young people have a high degree of consciousness to this activity, and that they emphasis on conformity between the online and offline worlds. Relationships constitute the fundamental motivation to be online, which corresponds to the identity concept in the theory section. The conclusion is that the Internet is not a greater threat to identity than other challenges, provided emphasis is put on seeing the worlds in coherence.
Beskrivelse
Mastergradsoppgave i språk, kultur og digital kommunikasjon, Avdeling for lærerutdanning og naturvitenskap, Høgskolen i Hedmark, 2010