Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorBystøl, Gry
dc.date.accessioned2012-04-12T10:52:18Z
dc.date.available2012-04-12T10:52:18Z
dc.date.issued2012
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/145019
dc.description.abstractDenne oppgåva tek for seg den nye lokale forvaltningsmodellen for større verneområde i Noreg, og freistar å sjå om denne forvaltningsmodellen kan føre til auka økonomisk verdiskaping i nasjonalparkane tilhøyrande randsoner. Regjeringa avgjorde å innføre den lokale forvaltningsmodellen sumaren 2009. Den lokale forvaltningsmodellen inneber at nasjonalparkane med tilhøyrande landskapsvernområde og naturreservat, no vert forvalta av interkommunale nasjonalparkstyre. Tidlegare har det vore statleg forvaltning av verneområda i Noreg, og fylkesmannen har hatt forvaltningsansvaret. Sidan byrjinga av 2000 talet kan ein sei at det frå regjering og Storting i Noreg har vore ei sterk auke i fokus på vern og verdiskaping. Særleg har det vorte trekt fram at nasjonalparkane skal vere ein ressurs for lokal verdiskaping i distrikta. Denne oppgåva freistar då å setje søkeljos på samanhengen mellom den nye forvaltningsmodellen som er innførd, og lovnadane om satsing på vern og verdiskaping, med fylgjande problemstilling: Kan lokal forvaltning av nasjonalparkar bidra til auka lokal økonomisk verdiskaping i og kring nasjonalparkane? Som grunnlag for å kunne svare på problemstillinga har det vorte utførd kvalitative djupneintervju med medlemmer i Rondane - Dovre og Jotunheimen nasjonalparkstyre, samt at representantar frå den tidlegare forvaltninga hjå fylkesmannen i Oppland har vorte intervjua. Sidan samanhengen mellom den nye forvaltningsmodellen og verdiskaping i og kring nasjonalparkane er lite utforska, nyttar ein i oppgåva eit eksplorativt forskingsdesign. Problemstillinga vert freista belyst ved hjelp av opplevingsøkonomi, innovasjon og entreprenørskapsteori, interessentteori og teori kring sjølvstyre. Det vert også nytta nokre relevante artiklar og fagrapportar, kring emnet nasjonalparkar og verdiskaping, for å belyse problemstillinga. Oppgåva byggjer på ei førehandsforståing om at nasjonalparkstyra kan spele ei rolle for lokal verdiskaping, men at denne rolla er lite vektlagt i lover og formelle rammevilkår, og at styra ikkje har nok makt, sjølvstyre og økonomiske ressursar til å bidra noko særleg til lokal verdiskaping. Desse førehandsforståingane vert langt på veg bekrefta i den avlsuttande diskusjonen i oppgåva. Oppgåva konkluderer med fylgjande: Med bakgrunn i hovudfunna kan ein sei, på grunn av nasjonalparkstyras manglande mandat og handlingsrom, er det lite truleg at lokal forvaltning av nasjonalparkane for Jotunheimen og Rondaneområdet kan føre til auka økonomisk verdiskaping i og kring nasjonalparkane Andre interessante funn i oppgåva, er at det verkar som ein finn hovudtyngda av innovasjon og entreprenørskap i nasjonalparkane innanfor det ein kan kalle naturbasert opplevingsnæring. Vidare at Den Norske Turistforining synes å være ein svært sentral aktør i nasjonalparkane, og at ein difor for nasjonalparkane må utvide den velkjende forklaringsmodellen for innovasjon og entreprenørskap, triple-helix modellen, til ein quadruppel-helix modell kor friviljug sektor også er inkludert.no_NO
dc.language.isonnono_NO
dc.subjectnasjonalparkerno_NO
dc.subjectforvaltningno_NO
dc.titleNasjonalparkar og lokal verdiskaping - ved lokal forvaltningno_NO
dc.typeMaster thesisno_NO
dc.subject.nsiVDP::Social science: 200::Political science and organizational theory: 240::Public and private administration: 242no_NO
dc.source.pagenumber110no_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel