Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorBratland, Synnøve
dc.date.accessioned2012-01-26T14:50:06Z
dc.date.available2012-01-26T14:50:06Z
dc.date.issued2011
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/145121
dc.description.abstractOverskrifta over denne oppgåva er koordinering av kommunale og interkommunale førebyggjande tiltak for utsette barn og unge. Fleire evalueringar av ulike interkommunale barnevernsamarbeid konkluderer med at det førebyggjande, kommunale arbeidet som handlar om å oppdage barn som er utsette for risiko, ser ut til å ha blitt skadelidande av at barnevernet har blitt lausrive frå dei andre kommunale etatane. På bakgrunn av denne påstanden har eg vore opptatt av kva effekt lokalisering av det interkommunale samarbeidet har. Korleis barneverntenesta gjer seg tilgjengeleg for kommunane, korleis ho bidreg med ressursar og kunnskap og korleis barnevernstenesta prioriterer tverrfagleg samarbeid vil ha ein effekt på korleis samarbeidspartar opplever det interkommunale barnevernet sitt bidrag i det førebyggjande arbeidet. Evalueringane som eg viser til, har likevel ikkje tatt omsyn til at det førebyggjande arbeidet i samarbeidskommunane kan vera ulikt organisert. Med bakgrunn i tema, tilgjengeleg teori om og erfaringar med kommunal organisering, interkommunalt samarbeid, førebyggjande arbeid for utsette barn og unge og tverrfagleg samarbeid har eg laga problemstillinga: Kan den effekten interkommunal organisering av barnevernet har på det førebyggjande arbeidet ha samanheng med kommunane si organisering av førebyggjande arbeid for utsette barn og unge? Eg har valt kvalitative semistrukturerte intervju og dokumentstudiar i tilnærminga til problemstillinga. Ved bruk av intervju som metode får eg både informasjon, og eg får informantane si vurdering av korleis praksis er, slik at eg kan bruke desse vurderingane for å setje søkeljos på praksis. Eg har tatt utgangspunkt i teori om tverrfagleg samarbeid og førebyggjande arbeid for barn og unge ved utarbeiding av intervjuguiden for å få fram effekten av det interkommunale barnevernet sitt bidrag i det førebyggjande arbeidet for utsette barn og unge. I tillegg har eg tatt i bruk teori om kommunal og interkommunal organisering og teori om koordinering av tenester. Eg har og studert ei rekkje offentlege dokument som handlar om temaet. Samarbeidskommunane har samordna planar som er politisk vedtatt og fylgt opp gjennom rapportering til administrativ og politisk leiing. Vertskommunen manglar ein heilskapleg strategi for førebyggjande arbeid og manglar at arbeidet er koordinert og fylgt opp på eit overordna plan. Vertskommunen og ein samarbeidskommune er organisert etter etatsmodell, medan ein kommune er organisert i tonivåmodell. Samarbeidskommunane koordinerer førebyggjande arbeid gjennom tverrfaglege samarbeidsgrupper som har koordinator. Dei har valt ulik modell for tverrfagleg samarbeidsgruppe. I dei tverrfaglege samarbeidsgruppene er mål, mandat og ansvar avklart, og det blir halde regelmessige møte. Det er ingen strategi for koordinering av interkommunale og kommunale tenester i kommunane. Det er heller ingen felles strategi vedtatt av dei samarbeidande kommunane for korleis dei skal koordinere interkommunale og kommunale tenester. Forhold som har innverknad på det førebyggjande arbeidet for utsette barn og unge er den enkelte kommunen sin strategi og planar for førebyggjande arbeid og implementering av desse. Vidare er det kommunens koordinering av tverrfagleg samarbeid og organisasjonsmodell for tverrfagleg samarbeid, og det er koordinering av interkommunale og kommunale tenester. I tillegg ser det ut til at lokaliseringa av barnevernet i og utanfor kommunen verkar inn. Alle einingane som er omfatta av undersøkinga, har rutinar for samarbeid med barnevernstenesta. Korleis samarbeidspartar opplever det interkommunale barnevernets effekt på det førebyggjande arbeidet for utsette barn og unge er forskjellig i dei tre kommunane. Sidan alle samarbeider med det same barnevernet, kan det tyde på at den effekten interkommunal organisering av barnevernet har på det førebyggjande arbeidet, kan ha samanheng med kommunane si organisering av førebyggjande arbeid for utsette barn og unge. Svaret er likevel ikkje eintydig. Det kan sjå ut til at det har ein effekt for det førebyggjande arbeidet for utsette barn og unge å vera vertskommune fordi samarbeidspartar i denne kommunen vurderer barnevernet meir positivt når det gjeld å vera tilgjengeleg, at dei har ressursar, at dei bidreg fagleg og at dei prioriterer tverrfagleg samarbeid. Det interkommunale barnevernet har likevel ikkje påverka arbeidet med å få ein felles strategi og førebyggjande plan for utsette barn og unge i vertskommunen. Dette kan tyde på at ikkje berre kommunen si organisering, men og kva strategi det interkommunale barnevernet har for det førebyggjande arbeidet verkar inn.no_NO
dc.language.isonnono_NO
dc.titleKoordinering av kommunale og interkommunale førebyggjande tiltak for utsette barn og ungeno_NO
dc.typeMaster thesisno_NO
dc.subject.nsiVDP::Social science: 200::Political science and organizational theory: 240::Public and private administration: 242no_NO
dc.subject.nsiVDP::Social science: 200::Social work: 360no_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel