Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorBøtun, Ruben
dc.date.accessioned2017-06-15T10:40:49Z
dc.date.available2017-06-15T10:40:49Z
dc.date.issued2017
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2446112
dc.description.abstractDette studie tek for seg korttidseffekten av tynningsfiske av eit aurevatn i Jashagvatnet, eit høgfjellsvatn på 11,4 dekar. Eg har utført sett på bestandsstrukturen til aure (Salmo trutta) både i 2015 og 2016, med tynningsfiske i mellomtida. Jashaugvatnet ligg i Jordalen i Sogn og Fjordane på 949 høgdemeter der aure er einaste fiskeart. Prøvefiske 2015 vart utført med tolv garnnetter av botngarn i nordisk serie, og seks garnnetter i flytegarn. Totalt vart det tatt 90 aure under dette prøvefiske. Mellom prøvefiske 2015 og 2016 utførte eg tynningsfiske med 85 garnnetter med både botngarn og flytegarn som tok 109 aure. Under prøvefiske i 2016 var innsatsen lik som i 2015, og det vart tatt 52 aure. Eg har utført ein kvantitativ undersøkelse der eg har sett på skilnadar i bestandsstorleik etter tettleiksindikatorar, bestandsstruktur, aldersfordeling, kondisjonsfaktor (k-faktor), mageinnhald, årleg vekst, fordeling mellom vill- og setjefisk, og lengda på gytemoden hofisk mellom 2015 og 2016. Med desse resultata har eg komme fram til forslag for forvaltingstiltak for å heve kvaliteten på fisken i Jashaugvatnet. Det er lite som er påvist å ha direkt effekt av tynningsfiske i Jashsaugvatnet over eitt år, men det er ein tendens til betre kondisjon, redusert bestand, færre eldre fisk, meir beting av botndyr, seinare kjønnsmodning av hofisk og betre sommarvekst. Aurebestanden i Jashaugvatnet er småvaksen, gyter før den er 25 cm og har mange gamle individ. Under prøvefiske i 2015 og 2016 fanga eg 11,1 og 8,9 aure pr. 100 m2 botngarnflate. Fisken var sjeldan over 200 gram (2015: 1 av 90, 2016: 1 av 52) og K-faktoren på fisk over 25 cm var som regel under 1. Kvaliteten på fisken var best i 2016, og dette er mest truleg eit resultat av betre sommartemperatur i kombinasjon med tynningsfiske mellom fiskeperiodane. I dag har Jashaugvatnet for stor aurepopulasjon, næringstilgangen er truleg nedbeita og det er vanskeleg for auren å vekse seg vesentleg større. Det trengs målretta forvalting for å betre kvaliteten på auren i Jashaugvatnet. Når det er ein stor reproduksjon må ein få opp dødelegheita i vatnet og eit vanleg tiltak er tynningsfiske med til dømes ruser, not eller garn. Eg rår grunneigarlaget om å tynne ut aurebestanden vesentleg dei neste fire åra på grunnlag av denne og tidlegare studiar. Samstundes bør tilstanden observerast og registrerast kvar haust. Det å gjere målingar er viktig for å følgje framgangen, for å eventuelt gjere justeringar i tynningsinnsatsen. Det er svært få dokumenterte prosjekt der ein nyttar tynningsfiske for å auke kvaliteten på norske aurevatn, så Jashaugvatnet kan bli brukt som referanse for andre tynningsprosjekt i framtida.nb_NO
dc.description.abstractIn Norway brown trout (Salmo trutta) has been an important fish for generations, but during the past 20-30 years the lack of interest and management has made trout populations to over expand. I’ve looked into short-term effects of heavy fishing of brown trout in a mountain lake in Sogn og Fjordane called Lake Jashaug, the lake covers 11.4 decares and is located at 949 meters above sea-level. In this study I’ve estimated the structure of the population in 2015 and 2016, and in the meantime done heavy fishing. I’ve looked at the the differences in population structure, condition-factor, age, yearly growth, amount of wild trout, and length of reproductive females. The trout in Lake Jashaug are small, reproduce before they reach 25 cm length and there is a lot of individuals. In 2015 I caught 11.1 trout for every 100 m2 bottom gillnet, and in 2016 it was 8.9. The trout was rarely above 200 grams (1 of 90 in 2015, 1 of 52 in 2016) and fish above 25 cm was mainly below 1 in condition factor (low). The quality of the fish improved after the heavy fishing, and this could be a result of improved weather conditions summer 2016 combined with heavy fishing. Reducing the population will give the create less feeding competition and the remaining fish to grow larger. Today the brown trout population in Lake Jashaug is too big, there has been high competition for the preys in the lake over years because of the large trout population. Good management is needed to improve the quality of the fish in the future, and since the population is too big, fishing is needed. I advise the owners of Lake Jashaug to fish as much as possible the next four years and at the same time register the size of reproductive females every September to keep track of the progress. There has been very few Norwegian studies of heavy fishing of brown trout in mountain lakes, so this project could be used as future reference.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.titleKortsiktig effekt av tynningsfiske og vidare forvalting av aure (Salmot trutta) i Jashaugvatnet, Sogn og Fjordanenb_NO
dc.title.alternativeThe short-term effects of heavy fishing for brown trout (Salmo trutta) and future management in Lake Jashaug, Sogn og Fjordanenb_NO
dc.typeBachelor thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Matematikk og Naturvitenskap: 400::Zoologiske og botaniske fag: 480nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel