Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorBøtun, Ruben
dc.date.accessioned2017-06-23T07:25:01Z
dc.date.available2017-06-23T07:25:01Z
dc.date.issued2017
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2446739
dc.description.abstractUbemanna luftborne system, også kalla droner, blir meir og meir vanleg blant nordmenn, og eg har gjort eit studie om DJI Phantom, som er ei relativ billig drone, kan nyttast til skogbruksplanlegging. DJI Phantom 3 (Professional) og 4 som har blitt nytta i dette studie kostar i dag mellom 5500-8000 kroner, og blir stadig billigare. Droneoperatør nytta programvara Pix4D til å fly over skogteigen på ca. 100 meters høgde og 80 % overlapping. I løpet av seinhausten 2016 takserte fototaksator skogen først ved hjelp av det nyaste flyfoto tilgjengeleg (2011, henta frå Norge i Bilder) i kartprogrammet ArcGis, deretter dronebilda som var tatt hausten 2016. Vinteren 2017 takserte eg 27 bestand ved tradisjonell felttakst, og dermed kunne eg samanlikna drone- og flyfototakst ut ifrå felttaksten. Eg såg på kostnadar ved ulike takstmetodar, trehøgd i hogstklasse 2, trantall pr. dekar, treslagsfordeling, volum og kroneverdi (utrekna av programmet Allma). Med desse resultata fann eg ut om dronetakst er eit betre alternativ enn flyfototolking. DJI Phantom er i dag ikkje eit meir kostnadseffektiv verktøy enn flyfototolking eller tradisjonell felttakst. Å taksere med flyfoto kostar om lag 2,50 – 3 kroner pr. dekar, tradisjonell felttakst på austlandet kostar om lag 5-6 kroner pr. dekar (forutset at ein har gode kartdata tilgjengeleg). Takst med drone kostar 8-14 kr/daa avhengig av storleiken på takstarealet. Med berre bildetakst med drone utan taksering, kostar det 5,5 – 11 kr/daa. Dronetakst gir ikkje eit betre resultat av ungskogen enn flyfototakst. I dette studie er det ingen signifikant skilnad på treantall pr. dekar og høgd på plantene mellom fototolkingsmetodane, men felttaksten viser at lauvtrea i ungskogen blir overvurdert både med drone- og flyfoto. Dronetakst gir eit meir korrekt bilete av treslagsfordelinga i hogstklasse 3 enn flyfototakst. I hogstklasse 4 er det ingen skilnad i treslagsfordelinga ved dei ulike takstmetodane. Det er viktig å nemne at fototaksator har ei viktig rolle i takstmetoden, og det er svært viktig å tileigne seg røynsle gjennom å kombinere fototakst i tillegg til å observere/felttaksere skogen ein har taksert. Dette studie tok for seg 27 bestand, og det vil vere behov for å gjera meir utdjupande undersøkingar i framtida. Med dette studie ser ein potensial for å bruke drone i vanskeleg terreng der det er ikkje finnes tilgang til gode nok flyfoto, og skogeigar ønsker å betale for kartlegging av skogen.nb_NO
dc.description.abstractUnmanned airborne vehicles are becoming cheaper and more high-tech. I believe drones have a massive potential in forestry, especially forestry mapping. “Evenstad Vilt- og Næringssenter” had a project on mapping forest in Kongsvinger with a DJI Phantom drone, and I joined the project autumn 2016. I have looked into using pictures from DJI Phantom 3 (Professional) and 4 drones to evaluate forest. I have looked at costs and advantages by using pictures from unmanned airborne vehicle instead of using the more traditional manned airborne vehicle pictures that was five years old. To measure the correct values of the forest I have done fieldwork in 27 areas, 700 decares. In this study, I flew a DJI Phantom drone ca. 100 meters above the ground, with 80 % overlap, and used Pix4D to process all the pictures into one ortophoto. We used this photo to evaluate the forest, like age groups, treeheight, trees per decare, m2 of trees pr hectare, volume (m3/decare), amount of different tree species and total value (NOK). We also evaluated the same forest by looking at the newest manned airborne vehicle-photo available, which was 5 years old (2011). After evaluating the forest with pictures, I compared the values with the actual values. The results from this projects showed that mapping forest with DJI Phantom is more expensive than mapping forest with manned airborne vehicle pictures. There is also not a significant difference in evaluation between unmanned- and manned airborne vehicle. It is important to take in consideration that even though this project showed that pictures from DJI Phantom are not better than pictures from manned airborne vehicles, it could be a valuable equipment when there are no pictures of the forest available. In areas where it’s difficult to get into, or where the pictures have bad quality, it could be cheaper to send a drone to take pictures of the forest. It is necessary to have forest owners that are willing to pay for the product and service, and a photo evaluator with relevant experience.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.titleEr det økonomisk gunstig å nytte DJI Phantom drone til skogtaksering, og kva er skilnadane ved tolking av drone- og flyfotonb_NO
dc.title.alternativeIs it an economic advantage using a DJI Phantom drone to evaluate forest, and what are the differences in evaluating forest with unmanned- and manned airborne vehiclenb_NO
dc.typeBachelor thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Landbruks- og Fiskerifag: 900::Landbruksfag: 910::Skogbruk: 915nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel