Val av dagleieplassar hos hjort (Cervus elaphus); tilfeldig, eller nøye utvald?
Abstract
Bestanden av hjort (Cervus elaphus) spreiar seg til stadig fleire delar av landet, og blir tettare i allereie etablerte leveområde.
Åtferd og habitatbruk for hjorten kan seiast å være ei avveging mellom behovet for å skjul frå rovdyr under kviletida si og effektivt matsøk utan å bli utsett for predatorar. Mennesket står for mesteparten av rovdyrpresset mot hjorten Noreg, og det er påvist at dette er med på å styre åtferda til dyra. Hensikta med studiet var å kartlegge typiske trekk og avdekke konkrete skilnadar mellom dagleieplassar i skog og vilkårlege punkt i nærleiken av dagleieplassane, og påvise ein eventuell skilnad mellom vanane til kjønna. Studiet gjekk føre seg i Tingvoll kommune i Møre & Romsdal fylke i månadane juli og august 2017. For å finne dagleieplassane vart det nytta data frå GPS-merka dyr frå NIBIO-Tingvoll sine Hjortemerk-prosjekt. I studiet er det nytta data frå 4 hodyr og 4 hanndyr frå 2007-2013. Gjennomsnittleg siktdistanse på dagleieplassane var 22,0 meter, mens gjennomsnittleg siktdistanse på kontrollpunkta var 28,2 meter, som var ein signifikant forskjell. Det vart ikkje funne signifikant meir beiteplantar ved dagleieplassane i forhald til kontrollpunkta. Det var ein tendens til lågare hogstklasse ved dagleieplassane i forhald til kontrollpunkta. Gjennomsnittleg tretettleik ved dagleieplassane var 11,1, mens ved kontrollpunkta var gjennomsnittleg tretettleik 10,9. For korkje kronedekning, habitattype, om dagleieplassen/kontrollpunktet var kanthabitat eller ikkje, helling og hellingsretning, var det noko forskjell mellom dagleieplassane og kontrollpunkta. Det vart heller ikkje påvist noko skilnad mellom vanane til hodyr i forhald til hanndyr. The population of red deer (Cervus elaphus) in Norway has spread to new parts of the country during the last decades. In areas with an already existing red deer population, there has been an increasing population density in the same time period.
Behaviour and habitat choice in cervids is often a trade-off between the need for hiding from predators and the need for good grazing-opportuneties. The predators the red deer encounters in this part of Norway is primarily humans. This may have consequences for the deer`s counter-predator behaviour.
The intention of this study is to define typical characteristics, and expose differences between actual bed-sites and random-sites in red deer forested habitats. The study took place in Tingvoll municipality in Møre & Romsdal during the months of July and August 2017 and used positions from GPS-marked deer from NIBIO-Tingvoll`s red deer-marking-project. The study uses data from 8 deer, 4 females and 4 males from 2007 to 2013. Average line of sight at the bed-sites was 22,0 meters, while the average line of sight at the random-sites was 28,2 meters which was an signifikant effect. There was not found more grazing-plants at the bed-sites compared to the random-sites. It was a tendency towards lower cutting-class of the forest at bed-site areas compared to random-site areas. At the bed-sites, the tree density was 11,1, while at the random-sites, the tree density was 10,9. For either canopy cover at the sites, habitat type, whether the sites was in a edge-habitat or not, gradient or gradient direction were there found any difference between the bed-sites and the random-sites. It was not found any difference in habitat-choice between males and females.