Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHaugå, Nere Knutsson
dc.date.accessioned2020-07-08T12:33:33Z
dc.date.available2020-07-08T12:33:33Z
dc.date.issued2020
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2661439
dc.description.abstractI følgje internasjonalt anerkjende rapportar skal global oppvarming føre til høgare gjennomsnittstemperatur, fleire og kraftigare heitebølgar, samt meir intens nedbør. Tørkesommaren 2018 var ein oppvakning for mange innan jordbruk. Mange bønder fekk brøkdelar av vanleg avling og smått korn gjorde innhaustinga vanskelegare, som igjen førte til spørsmål om kva smått korn vil ha å bety for neste vekstsesong. Målet med oppgåva er å undersøke korleis såmengde og såkornstorleik påverkar utvikling og avling i bygg. NLR Innlandet etablerte våren 2019 eit felt med Rødhette seksradsbygg på Blæstad i Hamar Kommune. Der blei det sådd to ulike såkornstorleikar frå 2018; normalt såkorn med gjennomsnittleg 1000-kornvekt på 40 gram, og smått såkorn med 1000-kornvekt på 35 gram. Det blei sådd 250, 300, 350, 400, 450 og 500 spiredyktige frø per kvadratmeter. Det blei undersøkt tal på spirte planter, tal på aks og avling per rute. Til tross for brutto avlingsforskjell, var det ikkje statistisk signifikante forskjellar mellom smått og normalt såkorn. Såmengde hadde statistiske signifikante forskjellar i tal på planter. Det var ein statistisk signifikant positiv samanheng mellom såmengde og avling i kilo per dekar, og ein signifikant negativ samanheng mellom såmengde og 1000-kornvekt. På grunnlag av dette er det sannsynleg at storleik på såkornet ikkje påverkar planteutvikling eller avling nemneverdig, og at det er såmengde som i stor grad avgjer plantene si utvikling og avling.en_US
dc.description.abstractAccording to internationally recognised reports, global warming is leading to higher average temperatures, more intensive and frequent heatwaves, as well as more extreme rainfall. The drought during the summer of 2018 in Norway was an awakening for stakeholders within agriculture. Many farmers got a fraction of their usual yield, and small size grain made harvesting difficult. This led to questions about how small seeds would affect the next growing season. The goal with this assignment is to examine how seed quantity and size of the grain seeded affects plant development and yield in six-row spring barley. NLR Innlandet [agricultural advisory service] established a trial plot with “Rødhette” six-row spring barley at Blæstad in Hamar Municipality. Two different seed sizes were sowed: normal size grain an average 1000-grain weight of 40 grams, and small size grain with an average 1000-grain weight of 35 grams. Seed quantity was 250, 300, 350, 400, 450 and 500 seed per square metre. Number of sprout plants, ears and yield per test plot tile was registered. Despite higher average yield from normal size seed, there were no statistically significant differences between normal and small grain. Seed quantity did have significant effect on number of sprouted plants. There was a statistically significant positive correlation between seed quantity and yield per decare [1 decare = 0,1 hectare], as well as a significant negative correlation between seed quantity and 1000-grain weight. Because of this, it is lightly that grain size does not affect plant development or yield appreciably, and that it is largely the seed quantity which sets the terms for development and yield.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.subjectsåmengdeen_US
dc.subjectstorleiken_US
dc.subjectsåkornen_US
dc.subjectbyggen_US
dc.titleEffekt av såmengde og storleik på såkorn i byggen_US
dc.title.alternativeEffect of seed quantity and grain size in spring barleyen_US
dc.typeBachelor thesisen_US
dc.subject.nsiVDP::Landbruks- og Fiskerifag: 900::Landbruksfag: 910en_US
dc.subject.nsiVDP::Landbruks- og Fiskerifag: 900::Landbruksfag: 910::Planteforedling, hagebruk, plantevern, plantepatologi: 911en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel