Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSinnes, Karina
dc.date.accessioned2023-11-07T10:07:14Z
dc.date.available2023-11-07T10:07:14Z
dc.date.issued2022
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3101004
dc.description.abstractI denne oppgåva vart det undersøkt om virtuelle gjerder er framtidas beiteteknologi med forskingsspørsmål om dyrevelferd, økonomi og brukarerfaring på utmarksbeite. Beiting med virtuelle gjerder er ein innovativ og ny måte å drive beitebruk på. Det kan derfor kallast ein endringsagent, delvis fordi det kan verte enklare å bruke dyr til landskapspleie. I oppgåva har eg skildra dyrevelferda ved bruk av virtuelle gjerder ved å sjå på faktorar som stress, påverknad på stimuli, åtferd, innlæring og GPS kombinert med rovdyrproblematikk. I økonomi delen av oppgåva er det presentert prisar og samanlikningar på fysisk gjerde og virtuelle gjerde. Resultatet synar at det er ei klar samanheng mellom størrelse på beitearealet og tal dyr med klavar når ein skal rekne på om det er lønnsamt med virtuelle gjerder eller ikkje. Gjennom kvalitative intervju av seks brukarar av Nofence visar resultata at det er positive erfaringar kring å ha kontroll på dyra via GPS signal, at det frigjer mykje areal og at dyret i stor grad respekterer systemet. Det var derimot nokre negative erfaringar med dyr som rømmer frå det tilviste området og at unge dyr som ikkje har klave sjølv, gjekk utanfor den tilviste grensa. Brukarane meinte at virtuelle gjerder bidrar til god dyrevelferd, og at systemet er dyrt men må sjåast i samanheng med sparte ressursar. Konklusjonen i denne oppgåva er at virtuelle gjerder er framtidas beiteteknolog. Dette er basert på resultata av litteraturstudiet på dyrevelferd og eigne funn på økonomi og brukarerfaring i Noreg.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.titleVirtuelle gjerder, ein del av framtidas beiteteknologien_US
dc.title.alternativeVirtual fences, a part of the future livestock grazing technologyen_US
dc.typeBachelor thesisen_US
dc.source.pagenumber41en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel