Samarbeid om dei same barna : det tverrfaglege samarbeidet mellom barnehage og helsestasjon.
Abstract
Bakgrunn
Fokus og forventning til tverrfagleg samarbeid for barn og unge har auka dei siste åra. Barnehagane og helsestasjon møter dei same borna, og har god oversikt over barn i kommunane. Ved å jobba tverrfagleg kan kvar fagprofesjon saman sjå heilskapen kring barn og unge, og bidra til å setje inn rett tiltak på eit tidleg tidspunkt. Det er sterke anbefalingar i helsestasjon sine faglege retningslinjer knytt til samarbeid mellom helsestasjon og barnehagen på systemnivå, samt anbefaling om samarbeid på individnivå dersom det er behov for det. I rammeplan for barnehagen er det beskrive at det er styrar som skal sikre at barnehagen har rutinar for samarbeid med blant anna helsestasjon.
Problemstilling
Problemstillinga i denne masterstudien er: Korleis opplever tilsette i barnehagane det tverrfaglege samarbeidet med helsestasjon?
Metode
Denne studien har eit kvalitativt forskingsdesign med individuelle intervju som metode. Det er gjennomført delvis strukturerte intervju med seks informantar frå to kommunar i Vestland fylke. Informantane er utdanna førskulelærarar og fleire har i tillegg ulike vidareutdanningar. Som analysemetode er det nytta tematisk analyse.
Resultat
Etter analyse av datamaterialet kom eg fram til fem tema som skildrar funna i studien. Kjennskap til kvarandre handlar om kor godt ein kjenner til kvarandre. Både når det gjeld kjennskap til kvarandre sine tenester og arbeidsområde, men også å kjenne fjesa og vite kven som jobbar på helsestasjon. Informantane opplever at det er betre samarbeid no enn før, og at meir fokus på tverrfagleg samarbeid i kommunen, helsesjukepleiar i barnehagen og betre system var årsaker til endringa, og at dei å då vart betre kjende. Ulik terskel for å kontakte helsestasjon handlar om kvar tilsett sin føresetnad for å ta kontakt med helsestasjon. Funna syner at det er ulik terskel for å ta kontakt, men at det er lett å ta kontakt og låg terskel dersom ein har behov for å ta kontakt. Informantane fortel at dei oftast tek kontakt om spørsmål knytt til helse, utvikling, språk og minoritetsbarn, og det treng heller ikkje vere grunna store bekymringar, men faglege råd. Moglegheiter og utfordringar med teieplikta handlar om korleis informantane opplever at teieplikta påverkar samarbeidet, og moglegheita til å
3
samarbeide. Informantane fortel at det kan vere utfordrande med teieplikta, men at bruk av samtykke gir dei moglegheit til å samarbeide. Rammer for samarbeidet handlar om ulike organisatoriske, systemiske og relasjonelle faktorar som påverkar det tverrfaglege samarbeidet. Informantane fortel at det er behov for meir tid og ressursar til å jobbe tverrfagleg. Funna syner at det er ulike rutinar for samarbeid i dei to kommunane. Ønskjer for samarbeidet handlar om kva barnehagen og helsestasjon bør og kan samarbeida meir om. Informantane gir uttrykk for at det er behov for meir samarbeid både på individ – og systemnivå, og legg vekt på samarbeid om helsekonsultasjonane og ønskje om at fleire av desse vert gjennomført i barnehagen.
Oppsummering og konklusjon
Funna i studien syner at dei tilsette i barnehagane opplever at samarbeidet mellom barnehagen og helsestasjon er godt. Studien syner ei positiv utvikling, der meir fokus på tverrfagleg samarbeid i kommunane, betre system for tverrfagleg samarbeid, samt helsesjukepleiar i barnehagen vert trekt fram som årsaker til forbetring. Det tverrfaglege samarbeidet er ulikt organisert i dei to kommunane. For å få det tverrfaglege samarbeidet til å fungere i kvardagen legg informantane vekt på at det er viktig at ein veit kven som jobbar på helsestasjon, og ein må ha kjennskap til kvarandre, då vert terskelen for å ta kontakt lågare. Det vert også lagt vekt på at dei tilsette må ha tilstrekkeleg med tid og personalressursar for å kunne oppretthalde og ha moglegheit til tverrfagleg samarbeid i arbeidskvardagen. Funn i studien syner at styrar har ei viktig rolle i tverrfagleg samarbeid, og er i følgje barnehagelærarane den som ei tek opp ei undring med og som oftast avgjer vegen vidare i høve tverrfagleg drøfting og samarbeid.