Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHuun, Hanne Wigdahl
dc.date.accessioned2014-01-29T15:53:52Z
dc.date.available2014-01-29T15:53:52Z
dc.date.issued2013
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/144751
dc.description.abstractI denne oppgåva får ein eit innblikk i to menneske sin narrativ. Desse historiane handlar om det å ha dysleksi, opplevinga av det å vere annleis og skulen si handtering av vansken. Desse to narrativane er som ei reise i tid, der informantane fortel om sine opplevingar frå barne – og ungdomsåra og fram til i dag. For meg var historia det viktigaste, og det å høyre nokon skildre si vanske, for det er berre dei som veit korleis det er. Det er dei som klarar å skildre si vanske på best mogleg måte, og som kan gi eit innblikk i korleis dei hadde det på barne –og ungdomsskulen. Bakgrunnen for temaet i denne oppgåva, kjem i hovudtrekk frå eit case studie eg gjorde våren 2012. I den påfølgande rapporten var eg innom emne som dysleksi og opplevinga av å vere annleis. Dette er to av hovudemna i denne oppgåva. I staden for å berre observere og teste, vel eg no å ta utgangspunkt i to vaksne dyslektikarar si eiga historie. Eg har vore ute etter å finne ut korleis forholdet mellom dysleksi og opplevinga av det å vere annleis var i skulen. Vidare har eg og vore interessert i å belyse korleis skulen valde og handtere dette. Grunnen til at eg vel å ta utgangspunkt i skulen, er fordi eg er lærar og møter denne problematikken i mitt daglege virke. Eg tykkjer det er spanande å sjå på korleis opplevinga av å vere annleis og skulen si handtering av denne gruppa elevar, kan vere med på å prege deira skulekvardag og utvikling, på vegen mot å bli ein deltakar i samfunnet. I løpet av dei to siste åra, har eg fått eit meir kritisk blikk til den samfunnsinstitusjonen skulen er. Dette fordi eg no ser at det ikkje er samsvar mellom ideal og praksis. Eg har vore innom emne på denne masterutdanninga, som har vore med på og gitt meg ei meining, om at skulesystemet på eit vis er eit paradoks. Dette har ført til ei auka interesse for skulen, og møtet med elevane, særskilt møtet med dei marginaliserte elevane.. Min største motivasjon for å undersøke korleis det å ha dysleksi og opplevinga av å vere annleis, kan henge saman, er personleg. Som med min sjukdom, multippel sklerose, er og dysleksi, ein forholdsvis skjult funksjonshemming. Det er ofte slik at dei som har denne diagnosen, blir fanga opp av systemet og satt i ein bås etter diagnose. Tilrettelegginga og organiseringa i skulen for denne gruppa elevar, er i mange situasjonar veldig lik, og ein tek lite omsyn til korleis elevane faktisk lærer best. Det å kjenne seg annleis fordi ein har ei 6 vanske, er veldig tungt, og vil til ei viss grad vere med på å styre kvardagen din, både i og utanfor skulen. Saman med mitt case studie, kjenner eg meg veldig einig i det som kjem fram i Kristeva og Derrida sine skrifter, noko som gjer det naturleg å skrive oppgåva ut frå eit postmodernistisk tankesett. Dei teoriane og teoretikarane eg nyttar, arbeida for ei endring av det moderne samfunnet, som dagens skule er ein del av. Eg er for ei endring i skulen, i forhold til aksepten til det å kjenne seg annleis, og på grunn av dette, kjenner eg meg veldig komfortabel innan dette fagfeltet. Når det gjeld tidelegare forsking innan området, fins det mykje forsking knytt opp mot dysleksi, og mykje forsking som omhandlar det å vere annleis. Ein artikkel eg fekk interesse for, der forfattaren skreiv om mykje av det same eg tenkjer var «To the student whom it may concern» av Stephanie Klein (2009). Stephanie sin bror har dysleksi, og ho vil få fram at dette ikkje er ei lærevanske, men ein anna måte å lære på enn den tradisjonelle. Ho nytta historia til bror sin og seg sjølv som empiri, noko som er det same eg skal gjere. Boka Lesevansker og livsvansker, om dysleksi og psykisk helse av Manger, T., Asbjørnsen, A., Munkvold, L.H. tek føre seg at det er nær slektskap mellom lese – og skrivevanskar og problemåtferd i skulen. I tillegg er det forska på komorbide vanskar i denne boka. Barn i Bergen undersøkinga syner oss at det er ei samanheng mellom det å ha ei vanske og psykiske problem. Dei psykiske problema kan kome av det å kjenne seg annleis. I boka Annerledeshet – Sårbarhetens språk og politikk, av Kristeva og Engebretsen (2010), blir me kjend med ulike perspektiv ein kan sjå på det å vere annleis, ut frå. I denne boka blir det presentert mykje forsking rundt dette spesielle emnet, å føle seg annleis. Når det gjeld narrativ teori, fann eg ein artikkel som omhandlar barn si stemme i spesialpedagogikken. Her dukkar og ord som å vere annleis og dysleksi opp, og det blir forska på kor mykje betyding stemma til born har i ein lærar – elev relasjon. Denne artikkelen heiter Barns stemme i spesialpedagogisk forsking og er skriven av Reidun Tangen. Det er tydeleg at det fins mykje forsking innan dei emna eg skal ta opp i mi oppgåve. Likevel er det viktig å presentere ei oppgåve om ein dyslektikar sin kvardag og opplevinga av å vere annleis, gjennom dyslektikaren sine eigne auge, og ikkje lærar eller foreldre sine auge.no_NO
dc.language.isonnono_NO
dc.titleEi narrativ analyse av opplevinga av forholdet mellom dysleksi, skulen si handtering og opplevinga av å vere annleisno_NO
dc.typeMaster thesisno_NO
dc.subject.nsiVDP::Social science: 200::Education: 280::Special education: 282no_NO
dc.source.pagenumber90no_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel