Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHåøy, Linda
dc.date.accessioned2012-09-17T07:56:48Z
dc.date.available2012-09-17T07:56:48Z
dc.date.issued2012
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/145105
dc.description.abstractDenne oppgåva er mitt bidrag til samfunnsvitenskapen si forståing kring barndomsminners innhald og funksjon. Problemstillinga eg har søkt å finne svar på er: Kva funksjon og innhald har eit godt barndomsminne? Ved bruk av kvalitativt intervju, har eg intervjua seks menneske i alderen 27 til 89 år som har fortalt sine historier om gode minne dei huskar frå tida dei var born. Som teoretisk utgangspunkt har eg nytta både fenomenologien og hermeneutikken då desse to gjev ei god forståing av korleis ein kan forstå forteljingane ein får ta del i. For å bli kjent med forteljingar frå barndomen har eg valt livshistoriske intervju, med narrativ som utgangspunkt. Eg har to sett med narrativ eg ynskjer å søkje svar på i arbeidet med denne oppgåva, det første er forteljinga om dei gode barndomsminna, den andre er forteljinga om kvardagslivet. Narrativa er meiningsskapande for den enkelte, det vil seie at når vi blir kjende med narrativa til informantane, får vi innsikt i forhold som har vert viktige for den enkeltes meiningsdanning. I dei livshistoriske forteljingane ligg der også mykje informasjon om den sosiale konteksten rundt det enkelte individ, også denne kunnskapen er relevant for mitt prosjekt ettersom eg ynskjer å sjå på kva barndomsminna fortel om individets forhold til omgjevnaden rundt.I framlegginga av empirien, har eg valt å dele informantane inn i to generasjonar for å kunne sei noko om kva som er likt, og kva som er ulikt generasjonane mellom. Empirien vil bli presentert i to kapittel, kor ein i den første delen lar informantane vise fram forteljingane sine om gode barndomsminne, medan ein i det neste kapittelet lar dei vise fram historiene om det daglege kvardagslivet. Analysen av intervjua syner at informantane har svært ulike forteljingar om korleis verda deira såg ut i den tida dei var barn, på same tid viser det at tross store samfunnsendringar, så er der noko som ser ut til å være konstant, og som har like stor betyding hos alle informantane.no_NO
dc.language.isonnono_NO
dc.titleEit godt barndomsminne sin funksjon og innhald : Ein studie kring barndomsminna si betyding sett i perspektivet til seks informantar med oppvekst frå kvart sitt tiårno_NO
dc.typeMaster thesisno_NO
dc.subject.nsiVDP::Social science: 200::Social work: 360no_NO
dc.source.pagenumber100no_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel