"Har du det i deg?" : korleis ser det ut å "ha det i seg" og kvifor eignar film seg som eit pedagogisk verktøy for å illustrera den gode læraren
Abstract
Oppgåva er ein kvalitativ studie av den gode læraren. Eg har brukt filmen ”Freedom
Writers” som materiale for å visualisera kva det vil seia å ”ha det i seg” . Studien har
fylgjande problemformulering: Korleis ser det ut å ”ha det i seg” og kvifor eignar
film seg som eit pedagogisk verktøy for å illustrera den ”gode læraren”?
Metoden er kvalitativ og eg har brukt 12 filmklipp frå filmen ”Freedom Writers” og
teoretiske perspektiv på kvalitetar ved den gode læraren som utgangspunkt for
analysen. Dei teoretiske perspektiva eg har lagt til grunn for oppgåva har eg samla
under eit overordna relasjonelt perspektiv. I tillegg har eg med eit kapittel om
filmteori. Analysen viser ved dei utvalde klippa støtta opp med teori kvifor film
eignar seg godt som eit pedagogisk verktøy i ulike samanhengar. Film er blant anna
eigna for å få til gode refleksjonar og kunnskapsutvikling kring den gode læraren. Eg
støttar meg til Gjelsvik (2007) som påstår at film kan potensielt forandre oss gjennom
det kjenslemessige engasjementet vårt og seier at ”Dersom min påstand her er riktig,
vil teorier om hvordan film skaper følelser være av stor viktighet, fordi dette vil gi oss
økt innsikt ikke bare i filmen, men også i oss selv”(s.27).
I tillegg får analysen fram evna filmen ”Freedom Writers” har til å formidla korleis
det ser ut «å ha det i seg» i eit relasjonelt perspektiv. ”Freedom Writers” kan brukast
for å vise kva det vil seia å «ha det i seg», men vi må vera klar over at utgangspunktet
vårt er forskjellig og at vi som sjåarar oppfattar scena på filmen ulikt. Teorien
forklarar med mange ord korleis den gode lærar skal opptre og eg har erfart at det er
mogeleg å visualisera teoretiske perspektiv og fenomen ved hjelp av film.