Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorStalheim, Odd Rune
dc.date.accessioned2014-08-26T08:06:46Z
dc.date.available2014-08-26T08:06:46Z
dc.date.issued2014
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/218075
dc.description.abstractOppgåva er ein kvalitativ studie av den gode læraren. Eg har brukt filmen ”Freedom Writers” som materiale for å visualisera kva det vil seia å ”ha det i seg” . Studien har fylgjande problemformulering: Korleis ser det ut å ”ha det i seg” og kvifor eignar film seg som eit pedagogisk verktøy for å illustrera den ”gode læraren”? Metoden er kvalitativ og eg har brukt 12 filmklipp frå filmen ”Freedom Writers” og teoretiske perspektiv på kvalitetar ved den gode læraren som utgangspunkt for analysen. Dei teoretiske perspektiva eg har lagt til grunn for oppgåva har eg samla under eit overordna relasjonelt perspektiv. I tillegg har eg med eit kapittel om filmteori. Analysen viser ved dei utvalde klippa støtta opp med teori kvifor film eignar seg godt som eit pedagogisk verktøy i ulike samanhengar. Film er blant anna eigna for å få til gode refleksjonar og kunnskapsutvikling kring den gode læraren. Eg støttar meg til Gjelsvik (2007) som påstår at film kan potensielt forandre oss gjennom det kjenslemessige engasjementet vårt og seier at ”Dersom min påstand her er riktig, vil teorier om hvordan film skaper følelser være av stor viktighet, fordi dette vil gi oss økt innsikt ikke bare i filmen, men også i oss selv”(s.27). I tillegg får analysen fram evna filmen ”Freedom Writers” har til å formidla korleis det ser ut «å ha det i seg» i eit relasjonelt perspektiv. ”Freedom Writers” kan brukast for å vise kva det vil seia å «ha det i seg», men vi må vera klar over at utgangspunktet vårt er forskjellig og at vi som sjåarar oppfattar scena på filmen ulikt. Teorien forklarar med mange ord korleis den gode lærar skal opptre og eg har erfart at det er mogeleg å visualisera teoretiske perspektiv og fenomen ved hjelp av film.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherHøgskolen i Lillehammernb_NO
dc.title"Har du det i deg?" : korleis ser det ut å "ha det i seg" og kvifor eignar film seg som eit pedagogisk verktøy for å illustrera den gode lærarennb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.source.pagenumber111nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel