Positive sider ved bruk av iPad i undervisning.
Abstract
Norsk:
Digitale ferdigheiter kom inn i læreplanen som ei grunnleggjande ferdigheit i alle fag i
2006. Det aukande fokuset på digitale hjelpemiddel gjorde at eg ville finna ut kva fordelar
det er for læringsutbytet til elevane at dei brukar iPad. Problemstillinga avgrensar oppgåva
til å gjelda dei positive konsekvensane, og ikkje dei negative.
Oppgåva er empirisk, og er basert på ei kvalitativ undersøking. Denne er gjort ved hjelp av
halvstrukturert intervju av tre lærarar med ulik grad av erfaring med å bruka iPad i
undervisning.
Alle tre informantane var positive til å bruka iPad i undervisninga, men var tydelege på at
den ikkje kan erstatta læraren. Ein av dei viktigaste fordelane med iPad som informantane
peika på, var at den gav mange moglegheiter for å variera undervisninga og tilpassa til kvar
enkelt elev sine behov. Ein annan stor fordel for han som brukte iPad i størst grad, var at
elevane hans hadde alt arbeidet samla på skya der det vart lagra. Motivasjon var delvis også
ein effekt, men dette var varierande etter kor mykje elevane var vant til å bruke iPaden.
Totalt sett har iPaden mange gode funksjonar som kan koma til nytte i skulen i tida
framover. English:
Digital skills became a part of the curriculum in 2006 as one of the basic skills. During the resent years, digital tools have become a bigger part of the school. This is the reason why I chose to examine learning outcome of this. My thesis will be limited to discuss the positive outcomes by using iPad.
The thesis is empirical and based on qualitative research where the method of semistructured interview has been used. Three teachers, with a different degree of experience with this, have been questioned about their use of iPad in teaching.
The informants were generally positive to the use of iPad, but clear in the case that it cannot replace the teacher. One of the most important advantages pointed out, was the many opportunities it gives to vary the teaching and adapting it to each pupils needs. Another advantage, when in use to a high enough extent, is that all the work of the pupils is stored at the same place, in an online cloud. Partly, motivation is also a positive effect, but this will vary with their provided knowledge of the device. In all, the iPad has many good functions that can be of great use in the school system.
Description
Bacheloroppgave, grunnskolelærerutdanning, 2015.