SIVA og livet etter dauden
Journal article, Peer reviewed
Published version
View/ Open
Date
2018Metadata
Show full item recordCollections
Original version
Fagbladet samfunn og økonomi. 2018, 1 (1), 84-99.Abstract
Statens Industrivekstanlegg (SIVA) vart etablert i 1968 og rundar såleis 50 år i 2018. Artikkelen gir ei framstilling av historia til organisasjonen fram til nå. Dette er ei historie om korleis organisasjonar kan få eit langt liv sjølv om dei opphavlege grunngjevingane for etableringa har endra seg heilt. Artikkelen analyserer historia i lys av herskande teoriar og modellar for nærings- og regionutvikling og viser korleis Norge importerer modellar for så å tilpasse dei norske forhold. SIVA vart etablert for å sette i verk ein stort tenkt vekstsenterstrategi bygd på storføretak og
industri som vekstnæring. Da utviklinga fekk ei anna retning gjekk organisasjonen i dvale, men overlevde. SIVA kom så att gjennom å satse på det stikk motsette: entreprenørskap og små og spreidde næringsbygg på landsbygda. Dette vart likevel ein mindre aktivitet tufta på SIVA si opphavlege rolle som ein distriktspolitisk aktør. Med nye teoriar og politiske vindar skifta organisasjonen frå små næringshagar til også å satse i større byar for å bli ein del av det FoU-baserte innovasjonssystemet. Da ein ny klyngeteori overtok for vekstsenterteorien, vart SIVA med som ein av tre hovudaktørar saman med Innovasjon Norge og Norges forskningsråd. Men framleis er dette ein liten organisasjon med ca. 40 tilsette. Kanskje har dei spreidd seg for mykje med for små ressursar. Det kan vere grunnen til at eit utval føreslår at dei skal leggast ned.