Tilpassing av skiløyper med omsyn til villrein (Rangifer tarandus) og brukarane gjennom adaptiv forvaltning- ei brukarundersøking
Bachelor thesis
Åpne
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2602666Utgivelsesdato
2019Metadata
Vis full innførselSammendrag
Konflikt mellom dei som vil ivareta villreinen (Rangifer tarandus) og deira leveområdet og dei som ynskjer næringsutvikling er ei kjent sak. Verdiskapingsprogram, modellar og metodikk er tiltak for å ivareta omsynet til dei ulike interessene, auke verdiskaping og finne løysingar i viktige turistområder som har villrein.
Bykle kommune er ein stor vinterdestinasjon på Sørlandet, og har areal innanfor villreinområda Setesdal Austhei villreinområde (SA) og Setesdal Ryfylke villreinområde (SR). Utvikling av skiløyper blir sett på som ein viktig del for å utvikle turistdestinasjonen vidare. For å kartlegge brukarane av skiløypene sin kunnskap og haldning til villrein, bruk og utvikling av løypenettet, vart det gjennomført ei spørjeundersøking. Delar av spørjeundersøkinga er utgangspunkt for mitt studie. Eg ville undersøkje om brukarane ville respektere at løyper kan bli stengt på kort varsel av omsyn til villrein, kva løypenett dei føretrekk og kor tilfredse brukarane er med dagens tilbod.
Brukarundersøkinga viste at dei aller fleste ville respektere at løyper kan bli stengt i periodar og på kort varsel av omsyn til villreinen. Det var ein høgare andel kvinner som var positiv til stenging av løyper på kort varsel. Flest brukarar føretrekte eit løypenett i høgfjellet som vil vere i konflikt med villreinen, og som kan bli stengt på kort varsel i periodar. Andelen var høgast for hytteeigarar og aldersgruppene 41-50 år og 51-60 år samt menn. Det var 79 % som var svært tilfreds/tilfreds med dagens løypetilbod. Henholdsvis 10 % og 11 % var nøytrale eller svært lite/ lite tilfreds. Andelen av dei som var tilfreds var høgast for kvinner.
Adaptiv løypeforvaltning er ein fleksibel modell der målet er å utvikle fleire løyper utan at det blir negative konsekvensar for villreinen. Skal det funger slik det er meint, vil det krevje god planlegging og store ressursar. Villreinen sitt leveområde er under stort press og ferdsel er ein av mange trugslar mot villreinen. Brukarane av løypenettet er i stor grad nøgde med dagens tilbod av skiløyper. Men for å imøtekome dei som ynskjer fleire og lengre løyper inn i sårbare villreinområdet, kan tiltak som å forbetre eksisterande løypenett samt å prøve ut adaptiv løypeforvaltning på eksisterande løyper vere ein moglegheit. Dette for å få best mogleg kunnskap og erfaring før ein utvidar løypenettet inn i viktige villreinområder. Conflict between those who want to safeguard the wild reindeer (Rangifer tarandus) and their habitats and those who appreciate business development is a well-known matter. Value creation programs, models and methodology are measures to safeguard both interests, increase value creation and find solutions in important tourist areas that have wild reindeer. Bykle municipality is a large winter destination in southern Norway, and some of it lies within the borders of both Setesdal Austhei wild reindeer area (SA) and Setesdal Ryfylke wild reindeer area (SR). The development of ski trails is seen as an important part of the future development of the tourism here. In order to map the skiers knowledge of, and attitude towards to the wild reindeer, the trail network and the development of the trail network a survey was conducted. Parts of the survey are the starting point for my study. I wanted to investigate whether the users would respect that trails can be closed on short notice of care to the wild reindeer, which trail networks they prefer and how satisfied users are with the infrastructure and services today. The user survey shows that most people will respect that slopes can be closed at short notice because of wild reindeer. A higher proportion of women are positive towards closing off trails at short notice. Most users prefer a trail network higher up in the mountains that will conflict with the wild reindeer, and which can be closed at short notice. The proportion of those who prefer this option is highest for cabin owners, and in the age groups 41-50 years and 51-60 years. 79 % are very satisfied/satisfied with today's trails. 11 % are very little/not satisfied, while 10% are neutral. The number of those satisfied were highest for women. Adaptive trail management is a flexible model where the goal is to develop several trails without the negative consequences for the wild reindeer. If it is to work the way it is supposed to, it will require good planning and large resources. The wild reindeer habitat is under great pressure, and traffic is one of many threats against the wild reindeer. The users of the trail network are largely satisfied with today's ski trails. But n order to accommodate those who want more and longer trails into vulnerable reindeer area, measures such as improving the existing trail network as well as trying out adaptive trail management on existing can be a possibility, in order to get the best knowledge and experience before extending the trail network into important reindeer areas.