Abstract
Korleis har Martin Luther vore framstilt i norske religionslærebøker for grunnskolen? Artikkelen undersøker Luther-biografiane i eit breitt utval lærebøker gjennom ulike skolehistoriske epokar, både tekst og bilde, spør kva for element som blir framheva og utelatne, og drøftar kva for funksjon forteljinga om Luther har hatt i religionsfaget gjennom tidene.