Flest mogleg og best mogleg: ein realitet berre for gutar? Om ulikskapar i behandlinga av jenter og gutar i barnefotballen
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2683634Utgivelsesdato
2020Metadata
Vis full innførselSammendrag
Sentrale tema for denne studien er barnefotball, kjønn, haldningar og sosialisering, og jenter og gutar sine ulike opplevingar og moglegheiter på fotballfeltet. Bakgrunnen er eit tynt forskingsgrunnlag rundt kjønn og barnefotball, trass i at det er den mest populære idretten for barn av begge kjønn, i Noreg og i verda. Studien ser på kvifor vi deler inn i jente- og gutelag i barnefotballen, korleis jenter og gutar blir behandla av trenarar og andre vaksne på feltet, samt korleis dette kan bidra til å gi barna eit ulikt utgangspunkt vidare i ungdoms- og seniorfotballen. Rammeverket er ein kombinasjon av teori og tidlegare forsking på kjønn, sosialisering og barnefotball. Dei sosiologiske teoriane til Pierre Bourdieu og dei kritiskfeministiske teoriane til Raewlyn Connell står sentralt for det teoretiske bakteppet i studien.
For å finne svar på problemstillingane har eg gjennom metodisk tilnærming nytta meg av observasjonar og semistrukturerte, kvalitative intervju av sju trenarar med erfaring frå barnefotballen. Studien blir illustrert av personlege forteljingar og refleksjonar informantane har gjort seg rundt ulikskapane mellom jentefotball og gutefotball, og korleis haldningar og strukturelle føresetnader formar barna sine moglegheiter på fotballfeltet. Utvalet syner både likskapar og ulikskapar innan kjønn og barnefotball. Resultata har blitt framstilte gjennom ein temabasert analyse, der målet er å vise korleis kjønn påverkar jenter og gutar sine moglegheiter og sosialiseringsprosessar på fotballfeltet.
Resultat: Funna viser at vi kanskje ikkje er komne like langt som vi likar å tru på reisa mot likestilling i norsk fotball. Alt i barndomen lever jenter og gutar i og med ulike røyndomar på fotballfeltet. Gutane får fleire trenarar og møter strengare krav, og jenter og gutar tileignar seg ulik mengd av symbolsk kapital av å delta i fotball. Signalet er at herrefotball framleis er den gjeldande norma, og at jentene såleis aldri kan nå heilt opp. Dermed risikerer mange jenter å hamne i konflikt mellom forventingar og normer knytte til idealfemininitetet på den eine sida og verdiar i hegemonisk maskulinitet på den andre. Det ser ut til at målet i jentefotballen er at flest mogleg skal vere med så lenge som mogleg, medan det for gutane er at flest mogleg skal bli best mogleg.
Nøkkelord: kjønn, barnefotball, sosialisering, habitus, doxa, idealfemininitetet, hegemonisk maskulinitet. Abstract
Central themes for the study are children´s football, gender and socialization regarding girls and boys´ experiences and possibilities in the football field. The background is a barely existing research field around gender and children´s football, despite that it is the most popular sport for children of both genders, in Norway and across the world. The study asses the question of why we divide into girls and boys teams in children´s football, how girls and boys are treated by coaches and other adults in the field, and how it can contribute to give genders equal opportunities throughout youth and senior football. The frame work is a combination of theory and previous research on children´s football, gender and socialization. Central theoretical aspects for the study will therefore be the sociological theories of Pierre Bourdieu and the critical feminist theories of Raewlyn Connell.
To find answers to the research questions I have used methodical approaches such as observation and semi structural qualitative interviews of seven coaches with experience in children´s football. The study is illustrated through telling’s and reflections of the informants regarding differences between girls football and boys football, and how attitudes and structural prerequisites shapes the opportunities given to the children in the field. The selection of informants shows both similarities and differences between the genders in children´s football. The following results have been projected through a theme based analysis, where the purpose has been to show how gender affects the opportunities given to boys and girls in the football field.
Results: The findings illustrate how we may not have come as far as we would like to believe in the journey towards gendered equalization within Norwegian football. Girls and boys experience different realities in the football field throughout their childhood. Boys get a higher amount of coaches than girls, as well as receiving higher demands. It seems that men´s football is still the current norm, and that girls therefore will never “be as good as” boys. In this way many girls are at the risk of being thorn between expectations and norms tied to the values of ideal femininity connected to being a girl and hegemonic masculinity which is again connected to being a good football player. The reality seems to be that the purpose for girls football is as many as possible for, as long as possible, whilst for the boys it seems to be as many as possible, as good as possible. Key words: Gender, children´s football, socialization, habitus, doxa, hegemonic masculinity, ideal femininity.