Elg som næring : elgarbeid på Evenstad 1995 – 2013
Original version
Storaas, T., Marthisen, K.M., & Nicolaysen, K.B. (2014). Elg som næring : elgarbeid på Evenstad 1995 – 2013. In T. Storaas & K. Langdal (Eds.), Ikkje berre ulv og bly - glimt frå forskninga på Evenstad (s. 65-90). Vallset: Oplandske Bokforlag.Abstract
I 1995 byrja me å studera elg og trafikk i Østerdalen. Då ulv etablerte seg
i studieområdet, undersøkte me verknaden av ulv på elg. Sidan studerte
me elgøkonomi før me såg på verknaden av elgfôring i samarbeid med
Stor-Elvdal Grunneierforening, Løvenskiold-Fossum og Fritzøe Skoger.
No arbeider me med samordna forvalting av skog og elg, der me prøver
ut ordinære skogbrukstiltak som skal gje elgen meir fôr og skogeigaren
uskadde furuforyngingar. I alt har me radiomerka 268 elgar, og me har
studert elg og vegetasjon i felt. Me gjev her ei grov oversikt over resultata
frå det vitskaplege arbeidet med elg på Evenstad, gjev forvaltningsråd
basert på dette og viser kva me vil arbeida med framover. Hovudfokus i
heile perioden har vore å sjå på elgen som ein ressurs. Arbeidstittelen har
vore Elg som næring. Elg er mykje meir enn næring, men i denne artikkelen
ser me på elgen hovudsakleg i næringsmessig samanheng sett med
lokaløkonomiske auger.