FoU på fisk : frå prøvefiske til telemetristudiar og avansert populasjonsgenetisk forsking
Chapter, Peer reviewed
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/283040Utgivelsesdato
2015Metadata
Vis full innførselSamlinger
Originalversjon
Langdal, K. (2015). FoU på fisk : frå prøvefiske til telemetristudiar og avansert populasjonsgenetisk forsking In T. Storaas & K. Langdal (Eds.), Ikkje berre ulv og bly - glimt frå forskninga på Evenstad (s. 299-314). Vallset: Oplandske Bokforlag.Sammendrag
Det fiskefaglege miljøet på Evenstad har drive FoU-verksemd sidan tidleg
på 1990-talet. Den gongen var fokuset å finne gode løysingar på utfordringar
i forvaltninga av lokale og regionale fiskeressursar i ferskvatn.
Dette er vidareført dei seinare åra, sjølv om innsatsen no er noko meir
djuptgåande og avansert, og kan vonleg tilføre fiskefaget ny generell
kunnskap. Starten på utviklinga av fagmiljøet var studium av vandringane
til stor aure i Glåma ved hjelp av radiotelemetri for å lokalisere gyteog
oppvekstområde. Deretter vart innsatsen retta mot å finne nytten og
effektane av settefiskutsettingane i vassdraget. I dei seinare åra er dette
vidareført i arbeidet med å skaffe kunnskap om naturleg rekruttering av
aure i sidevassdrag til Glåma. Gjennom doktorgradsarbeid blir det forska
på effektar av temperaturauke på vekst og populasjonsdynamikk hos
aure i lys av klimaendringane som skjer. Og korleis røya som art er spalta
i ulike genetiske og evolusjonære einingar som vi treng å kjenne til med
tanke på framtidig forvaltning av biologisk mangfald.