Anerkjenning i kroppsøving – for alle! Ein kvalitativ studie om anerkjenning i kroppsøving for elevar med nedsett funksjonsevne i vidaregåande opplæring
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2838519Utgivelsesdato
2021Metadata
Vis full innførselSammendrag
Studiens hensikt er å belyse praksisar og forhold ved kroppsøvingsfaget som fremjar eller øydelegg eit anerkjennande og inkluderande fellesskap for elevar med nedsett funksjonsevne. Problemstillinga som blir undersøkt er: Korleis opplev elevar med nedsett funksjonsevne, lærarar og føresette arbeidet med anerkjenning i kroppsøving? Dette med fokus på elevar med assistent i faget på vidaregåande opplæring.
Det teoretiske rammeverket i studien er anerkjenningsteori av Axel Honneth (2008) og Arne N. Jordet (2020), og vil ta føre seg sentrale forhold ved anerkjenning og krenking i skulen. Gjennom min studie vil denne sosiologiske teorien sette lys på pedagogiske praksisar i kroppsøvingsfaget.
Dette er ein kvalitativ og fenomenologisk studie som undersøkjer opplevingar i kroppsøvingsfaget. Gjennom 12 semi-strukturert intervju av elevar med nedsett funksjonsevne, føresette og lærar, har data blitt analysert gjennom Amedea Giorgi sin fenomenologiske dataanalyse.
Funn i studien syner behov for opplevingar av tilhøyrsel, mestring, stabilitet og forutsigbarheit for elevar med nedsett funksjonsevne i kroppsøving. Opplevingane til elevar, føresette og lærarar til arbeidet for anerkjenning i kroppsøving, gir eit varierande bilde. Studien indikerer at elevar med nedsett funksjonsevne opplev både anerkjenning og krenking i møte med kroppsøvingsfaget på vidaregåande opplæring. Eit anerkjennande arbeid inkluderer eleven i både fagleg og sosialt fellesskap gjennom ein heilskapleg strategi av den enkelte skule. Dette kjenneteiknast ved inkludering i ein klassetilhøyrsel i og utanfor kroppsøvingsfaget, tilpassa opplæring og rammefaktorar som kjennes forutsigbare og stabile. Likevel ser det ut til at vidaregåande opplæring har utfordringar med å imøtekome behova for den enkelte elev, mykje grunna kroppsøvingsfaget og skuleopplæringa si generelle utforming. Assistenten blir trekt fram som særleg viktig for eleven i kroppsøving.
Nøkkelord: Anerkjenning, krenking, elevar med nedsett funksjonsevne, kroppsøving, vidaregåande opplæring, assistent, inkludering, tilpassa opplæring.