Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHoel, Vanessa Sunde
dc.date.accessioned2022-01-20T13:58:29Z
dc.date.available2022-01-20T13:58:29Z
dc.date.issued2021
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2838519
dc.description.abstractStudiens hensikt er å belyse praksisar og forhold ved kroppsøvingsfaget som fremjar eller øydelegg eit anerkjennande og inkluderande fellesskap for elevar med nedsett funksjonsevne. Problemstillinga som blir undersøkt er: Korleis opplev elevar med nedsett funksjonsevne, lærarar og føresette arbeidet med anerkjenning i kroppsøving? Dette med fokus på elevar med assistent i faget på vidaregåande opplæring. Det teoretiske rammeverket i studien er anerkjenningsteori av Axel Honneth (2008) og Arne N. Jordet (2020), og vil ta føre seg sentrale forhold ved anerkjenning og krenking i skulen. Gjennom min studie vil denne sosiologiske teorien sette lys på pedagogiske praksisar i kroppsøvingsfaget. Dette er ein kvalitativ og fenomenologisk studie som undersøkjer opplevingar i kroppsøvingsfaget. Gjennom 12 semi-strukturert intervju av elevar med nedsett funksjonsevne, føresette og lærar, har data blitt analysert gjennom Amedea Giorgi sin fenomenologiske dataanalyse. Funn i studien syner behov for opplevingar av tilhøyrsel, mestring, stabilitet og forutsigbarheit for elevar med nedsett funksjonsevne i kroppsøving. Opplevingane til elevar, føresette og lærarar til arbeidet for anerkjenning i kroppsøving, gir eit varierande bilde. Studien indikerer at elevar med nedsett funksjonsevne opplev både anerkjenning og krenking i møte med kroppsøvingsfaget på vidaregåande opplæring. Eit anerkjennande arbeid inkluderer eleven i både fagleg og sosialt fellesskap gjennom ein heilskapleg strategi av den enkelte skule. Dette kjenneteiknast ved inkludering i ein klassetilhøyrsel i og utanfor kroppsøvingsfaget, tilpassa opplæring og rammefaktorar som kjennes forutsigbare og stabile. Likevel ser det ut til at vidaregåande opplæring har utfordringar med å imøtekome behova for den enkelte elev, mykje grunna kroppsøvingsfaget og skuleopplæringa si generelle utforming. Assistenten blir trekt fram som særleg viktig for eleven i kroppsøving. Nøkkelord: Anerkjenning, krenking, elevar med nedsett funksjonsevne, kroppsøving, vidaregåande opplæring, assistent, inkludering, tilpassa opplæring.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.subjectopplæringen_US
dc.subjectanerkjennelseen_US
dc.titleAnerkjenning i kroppsøving – for alle! Ein kvalitativ studie om anerkjenning i kroppsøving for elevar med nedsett funksjonsevne i vidaregåande opplæringen_US
dc.title.alternativeRecognition in physical education – for everyone! A qualitative study of recognition in physical education for students with disabilities in high schoolen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.subject.nsiVDP::Samfunnsvitenskap: 200::Samfunnsvitenskapelige idrettsfag: 330en_US
dc.source.pagenumber101en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel