Forfattar, karakterar og lesarar i ein forteljande, litterær blogg
Master thesis

Åpne
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/284183Utgivelsesdato
2014Metadata
Vis full innførselSammendrag
Norsk:
Ein 1. klasse på ein norsk vidaregåande skule med 15-16 år gamle elevar skulle gjennomføra eit norskfagleg prosjekt der dei skulle skriva kvar sin såkalla bloggroman. Bloggen skulle oppdaterast med minst eit kapittel ein gong i veka, og prosjektet skulle vara i omlag to månader. I tillegg skulle elevane i grupper kommentera tekstane til kvarandre i kommentarfelta i bloggane. Etter at prosjektet var ferdig, skulle eg analysera utdrag frå nokre av desse bloggkapitla og kommentarane.
Hovudtemaet er kommunikasjonen mellom forfattar og karakterar på den eine sida og lesarar på den andre, i blogg, og i skapinga av episk litterær tekst. Målet er å prøva å finna ut kva som skjer når episk littær tekst blir plassert i ein blogg, der det er ein kommunikasjon mellom forfattar eller karakterar og lesarar ved hjelp av forfattaren si publisering av bloggkapittel og lesarar (eventuelt òg forfattaren) si publisering av kommentarar til kapitla. Vidare blir det problematisert korleis bruk av dramaturgi og plott fungerer i den episk litterære teksten når den blir plassert i eit medium som ein blogg. English:
A school class in a Norwegian upper secondary school with 15-16 year old pupils were implemented in a Norwegian academic project in which they were writing a so-called blog novel. The blog should be updated at least a chapter once a week, and the project should last for about two months. In addition, the students commented the text to each other in the comment fields in the blog. After the project was finished, I analyzed excerpts from some of these chapters and blog comments.
The main theme is communication between author and character, on the one hand and the agents on the other, and how the creation of epic literary text was created in the blogs. The goal is to find out what happens when epic litterary text is placed in a blog, when you find a communication between author or characters and readers. Furthermore, it will be critically examined how the use of narrative and plot functions in the epic literary text when placed in a medium like a blog.
Beskrivelse
Mastergradsoppgave i digital kommunikasjon og kultur, Avdeling for lærerutdanning og naturvitenskap, Høgskolen i Hedmark, 2014.