Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisor
dc.contributor.authorSande, Runa Aaberge
dc.date.accessioned2022-11-09T17:10:13Z
dc.date.available2022-11-09T17:10:13Z
dc.date.issued2022
dc.identifierno.inn:inspera:121651806:71391359
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3031021
dc.description.abstractMange elevar som viser eksternalisert åtferd har ofte vanskar med det som vert fremja som viktige kompetansar for å meistra livet. I faglitteratur og styringsdokument vert desse omtalt som livsmeistringskompetansar, og refererer til faglege, emosjonelle og sosiale kompetansar. Dette er kompetansar som både internasjonal og norsk forsking viser både førebyggjer og reduserer eksternalisert åtferd, og som av den grunn er tenleg å fremje. På same tid rapporterer lærarar at dei i hovudsak samarbeida med andre lærarar, og at dei ikkje har tilstrekkeleg kompetanse til å fremje livsmeistring for denne elevgruppa på ein god og hensiktsmessig måte. Denne masteroppgåva handlar om å fremje livsmeistring hjå elevar i småskulen som viser eksternalisert åtferd, og betydninga av profesjonsfellesskapet i arbeidet. Temaet er forska på med utgangspunktet i problemstillinga: Kva meiner lærarar er viktig for å fremje livsmeistring hjå elevar i småskulen som viser eksternalisert åtferd, og kva betydning har profesjonsfellesskapet for å lukkast i dette arbeidet? Studiar viser at arbeid med livsmeistringskompetansar er særskild tenleg for elevar som viser eksternalisert åtferd. Føremålet med forskinga er difor å løfte fram eit utval av lærarar sine erfaringar kring kva som er viktig for å fremje livsmeistring hjå denne elevgruppa, samt profesjonsfellesskapet si betydning. Tematikken har blitt undersøkt ved bruk av kvalitative intervju, tre individuelle og eitt gruppeintervju, av tre småskulelærarar. Undersøkinga har ei induktiv tilnærming. Det er lærarane sine erfaringar som er utgangspunkt for forskinga sin empiri og vidare drøfting. Omgrep, teoriar og tidlegare forsking vert difor ikkje gjort greie for før i drøftingskapittelet, der det vert drøfta opp mot studien sine funn. Studien viser at lærarar opplev det å fremje livsmeistring for elevar som viser eksternalisert åtferd som komplekst og utfordrande. For å fremje livsmeistring legg informantane vekt på ulike delar av klasseleiing: Autoritativ vaksen, lærar-elev-relasjon, å møte eleven der den er, eleven som subjekt og aktør i eiga opplæring, emosjonell kompetanse og sosial kompetanse. Eit sentralt funn i studien er at eit godt profesjonsfellesskap ser ut til å kunne styrkje fremjing av livsmeistring hjå denne elevgruppa, medan eit dårleg profesjonsfellesskap har motsett verknad. Informantane stiller seg kritisk til manglande fokus kring fremjing av gode profesjonsfellesskap i lærarutdanninga og på skulane. Dei hevdar at eigne kompetansar og eit godt profesjonsfellesskap er ein føresetnad for å kunne fremje livsmeistring hjå elevar i småskulen som viser eksternalisert åtferd.
dc.description.abstractMany students who show externalized behavior have difficulty with competencies that is promoted as important to master life. In professional literature and steering documents, these are referred to as life skills, and refer to academical, emotional and social skills. International and Norwegian research claims that these skills both prevent and reduce externalized behavior, and for that reason are worth promoting. At the same time, teachers report that they mainly collaborate with other teachers, and that they do not have sufficient competence to promote life skills for this group of students in a good and suitable way. This master's thesis is about promoting life skills for students in primary school who show externalized behavior, and the significance of the professional community in this work. The topic is researched based on the research question: What do teachers mean is important for promoting life skills for students in primary school who show externalized behavior, and what is the significance of the professional learning community to succeed in this work? Studies indicate that working with life skills is particularly useful for students who show externalized behavior. The purpose of the research is therefore to highlight a selection of teachers' experiences of what is important for promoting life skills in this group of students, and the significance of the professional learning community. The topic has been investigated by using qualitative interviews, three individual and one group interview, with three primary school teachers. The research has an inductive approach, and empirical data and further discussion is based on the teachers' experiences. Terms, theories and previous research are not discussed before the discussion chapter, where also findings of the study are discussed. This study shows that teachers experience the promotion of life skills for students who show externalized behavior as a complex and challenging task. The informants emphasize different parts of classroom management: authoritative adult, teacher-student relationship, meeting the student adequately, the student as a subject and agent, emotional and social competence. A key finding in the study is that a good professional community seems to be able to strengthen the promotion of life skills in this group of students, while a poor professional community has the opposite effect. The informants are therefore critical of the fact that there is no systematic focus on work around a good teaching professional community in teacher education and in working life. They claim that own skills and a good professional learning community is a prerequisite for being able to promote life skills for students in primary school who show externalized behavior.
dc.languagenno
dc.publisherInland Norway University
dc.titleÅ fremje livsmeistring hjå elevar i småskulen som viser eksternalisert åtferd, og profesjonsfellesskapet si betydning i dette arbeidet
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel