Ei studie av bu- og omsorgstilbodet til einslege minderårige flyktningar i alderen 15-18 år
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3059613Utgivelsesdato
2023Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Bakgrunn: Einslege mindreårige er born som flyktar, utan foreldre eller andre som utøver foreldreansvaret for dei. Når borna søker opphald i Norge, blir det frå myndigheitene si side sett eit skilje mellom borna over og under 15 år. Borna under 15 år blir ivareteke av Bufetat, medan borna over 15 år blir ivareteke av UDI. Føremålet med denne studia er å diskutere denne forskjellsbehandlinga. Problemstillinga er som følger: «Korleis bør bu- og omsorgstilbodet til einslege mindreårige flyktningar i alderen 15-18 år vere?».
Metode og føremål: For å besvare problemstillinga har eg nytta ein tredelt innfallsvinkel. Eg har først utført ei litteraturstudie som har hatt som føremål å danne eit forskingsmessiggrunnlag for belyse korleis bu- og omsorgstilbodet bør vere. Videre har eg belyst to sentrale faglege perspektiv, som omhandlar traumer og resiliens, og som har til føremål å supplere funn frå forsking. For å besvare spørsmålet om korleis bu- og omsorgstilbodet ‘bør vere’, har eg i tillegg sett det som relevant å belyse offentlege dokument som omhandlar korleis bu- og omsorgstilbodet er ‘tiltenkt å vere’. I dette høvet gjer eg ei form for kritisk dokumentanalyse, med bruk av ‘dekonstruksjon’ av tekst som verktøy, for å rette eit granskande og maktkritisk blikk på Stortingsproposisjon 82L (2020-2021).
Resultat og konklusjon: Forskingsfunna peiker på at bu- og omsorgstilbodet bør vere anerkjennande samt gi rom til medverknad. Ansatte på bu- og omsorgstilbod for einslege mindreårige rapporterer imidlertid om uklare mandat for omsorgsutøvinga. Fagperspektiva på traumer og resiliens tydeleggjer behovet for at bu- og omsorgstilbodet tek hensyn til at borna ofte ber med seg traumatiske erfaringar frå flukt, men at borna samstundes blir gitt rom til å vere sjølvstendige. Både forsking og fagperspektiv understreker behovet for fagkompetanse i bu- og omsorgstilbodet. I praksis inneber bu- og omsorgstilboda til dei einslege mindreårige over 15 år likevel ofte redusert grad av bemanning samt fagkompetanse. Ved å kritisk analysere Prop. 82L, synast det å tre fram skjulte element av makt, som legg føringar for korleis bu- og omsorgstilbodet skal vere. Analysa avdekker eit mønster i teksta, som degraderer behovet for fagpersonell og ressursar ved bu- og omsorgstilbodet. Føringane ser ut til å ha makt til å påverke praksis, sjølv om dei er i strid med korleis forsking og fagperspektiv indikerer at bu- og omsorgstilbodet bør vere. Background: Unaccompanied minor refugees are children who flee alone, without their parents or others with parental responsibility. Unaccompanied children who seeks asylum in Norway are separated into two groups which receives protection, housing and care from different parts of the Norwegian Government. If a child is fifteen years of age or younger they will be under the protection of the child protective services (Bufetat). If a child is between fifteen and eighteen years of age they will be under the protection of the Norwegian Directorate of Immigration (UDI). The purpose of this study is to discuss the difference between these two types of protection, housing and quality of care. The research question is as follows: “how should the provision of housing and care for unaccompanied minor refugees in the age between fifteen and eighteen look like?”.
Methodology and intention: To answer my research question, I have chosen three main perspectives which will provide the scientific, academic and theoretical basis for my discussion. The first type of data I present is a literature review with the purpose of grounding the research question within a scientific framework. Furthermore, I present a theoretical framework based on secondary academic sources. In this part I bring in theory on trauma and resilience to complement the scientific findings from the literature review. In order to answer my research question substantially I found it necessary to look closer at an official Norwegian document, Stortingsproposisjon 82L (2020-2021). This document is about how the provision of housing and care for unaccompanied refugees is intended from a political point of view. I have made a critical analysis of this document using the tool of deconstruction of a text.
Conclusion: The findings of the research clearly points towards the need of recognition and empowerment in provision of housing and care. In order to provide this, both academical research, and theory on trauma and resilience, clarifies the need of professional competence understanding the youths need of care as well as independence. However, despite this knowledge, practice in provision of housing and care often implies reduced staffing and lack of professional competence. Employees also reports on unclear mandates for their provision of care. By critically analysing Prop. 82L, a pattern of hidden elements of power appear. The document may represents an examlpe of what the gouvernment intend for the housing and care provision for unaccompanied minor refugees. The pattern seems to demote the need of professional care and resources, and furthermore have practical implications for the exercise of care, despite the guidelines on which both academical research and theory emphasizes.