Læreverket Gyldendal si framstilling av naturvitskapens eigenart (NOS) og evolusjonsteorien
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3080469Utgivelsesdato
2023Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Denne masteroppgåva beskriv korleis læreverket til Gyldendal framstiller naturvitskapens eigenart (NOS) og evolusjonsteorien gjennom bøkene Refleks 5-7 og Element 8-10. Hensikta med oppgåva har vert å undersøke korleis lærebøker legg opp til at elevar på ulike alderstrinn skal forstå NOS og evolusjon, samt koplinga mellom desse med tanke på korleis forskarane har arbeidt med å beskrive evolusjonsteorien slik den er framstilt i dag.
Det er nytta ei innhalsanalyse av lærebøkene for å samle inn data. Analyseringa nytta hovudsakleg Erduran og Dagher (2014) sine elleve NOS-dimensjonar, og Catley et al. (2005) sine seks evolusjonsbyggjesteinar som teoretisk rammeverk. Konklusjonen er at alle dei seks lærebøkene inneheld eit eige NOS-kapittel som saman tek føre seg det meste av innhaldet i NOS-dimensjonane. Nokre av dimensjonane opptrer hyppigare enn andre og innhaldet i desse dimensjonane ser ut til å byggje vidare på kvarandre mellom dei ulike alderstrinna. Tilsvarande er alle evolusjonsbyggjesteinane omtalt, og det er læringsprogresjon innan nokre av byggjesteinane. Når ein byggjestein vert omtalt i lærebøkene er det sjeldan trekt koplingar frå byggjesteinen til evolusjonsteorien, noko som er uheldig fordi slike koplingar kan føre til at elevane får ei djupare forståing for evolusjon som berande idé. I svært få tilfelle nyttar lærebøkene NOS eksplisitt til å beskrive korleis forskarane har arbeidt innan ein evolusjonsbyggjestein, men når dette skjer får elevane ei betre forståing for kvifor forskarane sitt arbeid er viktig. I Element 8 er det eksplisitt beskrive at forskarane sitt arbeid har bidrege til å stadfeste evolusjonsteorien.
Nøkkelord: Naturvitskapens eigenart, NOS, evolusjonsteorien, læringsprogresjon, innhalsanalyse. This master’s thesis describes how the textbooks from Gyldendal presents the Nature of Science (NOS) and the theory of evolution in the textbooks Refleks 5-7 and Element 8-10. The purpose of the study was to explore how textbooks are designed to help students at different ages understand NOS and evolution, as well as the connection between them in terms of how researchers have worked to describe the theory of evolution as it is presented today.
A content analysis of the textbooks was used to collect data. The analysis mainly used Erduran and Dagher’s (2014) eleven dimensions of NOS, and Catley et. al’s (2005) six building blocks of evolution as theoretical framework. The conclusion is that all six textbooks contain a dedicated chapter on NOS, which together covers most of the content in the NOS dimensions. Some dimensions appear more frequently than others, and the content of these dimensions seems to build on each other across different age levels. Similarly, all the building blocks of evolution are discussed, and there is a learning progression within some of them. However, when a building block is presented in the textbooks, there is rarely a connection made from the building block to the theory of evolution, which is unfortunate because such connections can provide students with a deeper understanding of evolution as a big idea. In very few cases the textbooks explicitly use NOS to describe how researchers have worked within a building block of evolution, but when this happens, students gain a better understanding of why the researchers’ work is important. In Element 8, it is explicitly described that the researchers’ work has contributed to confirming the theory of evolution.
Keywords: Nature of Science, NOS, theory of evolution, learning progression, content analysis