Korleis kan karriererettleiing vere myndiggjerande for personar med lettare psykiske lidingar?
Abstract
Samandrag
Denne masteroppgåva handlar om opplevingar fire personar med angst og depresjon har gjort seg etter å ha gjennomført karriererettleiing ved eit fylkeskommunalt karrieresenter. Dette er gjort ved å ha myndiggjeringsperspektivet som bakteppe. Det er sett på korleis ein kan få aktivert myndiggjerande krefter hjå den einskilde som kjem til karriererettleiing. Myndiggjering er ikkje ein statisk tilstand, den kan både aukast og minskast. I oppgåva vert det omhandla korleis ein påverke myndiggjeringsprosessen med å legge vekt på styrkane og kreftene menneske har i seg. Det handlar om strukturelle og relasjonelle tilhøve i omgjevnadane, og det handlar ikkje minst om bidrag frå vegsøkjarane sjølve.I forskinga er det nytta kvalitativ metode og semistrukturert intervju for å utvikle data. Det teoretiske perspektivet bygger på ei holistisk tilnærming og menneskesyn. Analysen av datamaterialet er gjennomført ved å nytte deduktiv tematisk analyse.I oppgåva er myndiggjeringsmodellen nytta som teorigrunnlag og styrande for analysen. Denne modellen fokuserer på fire faktorar når det gjeld forståing av omgrepet myndiggjering. Desse faktorane er kompetanse, meining, autonomi og tilhøyregheit. Modellen kan nyttast på ulike måtar, men i denne samanhengen er det sett på korleis ein kan nytte den i fagområdet karriererettleiing, og då spesielt innretta til personar med lettare psykiske lidingar. Det er i studie sett på korleis karriererettleiarar kan nytte myndiggjeringsmodellen for å hjelpe vegsøkjarar til å betre kunne forstå og handtere sin eiga karriere. Sentrale funn i oppgåva viser korleis vegsøkjarane kan oppleve myndiggjering. Dette er mellom anna at det å få utvikla ei god tilhøyregheit til arbeidslivet eller utdanning er viktig for den psykiske helsa. Det viser seg også at det kan vere nokre rammefaktorar i rettleiingssamtalane som betyr noko ekstra for vegsøkjarar med lettare psykiske lidingar. Vidare er det eit viktig funn at vegsøkjarane har behov for å bli møtt på ein anerkjennande måte. I dette ligg det ei forståing om at det er vegsøkjar som eig historia si. Vegsøkjarane kan også oppleve myndiggjering ved at dei får auka innsikt i eige reaksjonsmønster, og karrierelæring om korleis ein kan meistre overgangar i livet. Det vil kome fram i oppgåva at det finst moglege koplingar og utviklingspotensiale mellom karriererettleiing og psykisk helsevern, og at myndiggjeringsperspektivet kan vere ei bru mellom desse. Abstract
This master thesis examines the experiences of four individuals with anxiety and depression who have completed career guidance at a county career centre, with the empowerment perspective as a thoretical phramework. The thesis explores how empowering forces can be activated in individuals seeking career guidance. Empowerment is not a static state, but can increase or decrease. The thesis explores how the empowerment process can be influenced through focusing on the strengths and force within each individual. It also considers structural and relational factors in the environment and the contributions of the guidance seekers.
The research used a qualitative method and semi-structured interviews to develop data. The theoretical perspective is based on a holistic approach and human perspective. The analysis of the data is conducted using deductive thematic analysis.
The thesis uses the empowerment model as a theoretical foundation and guide for analysis. The model focuses on four factors regarding the concept of empowerment: competence, meaning, autonomy, and belonging. The model can be used in various ways, but in this context, it examines how career guidance professionals can use the empowerment model to help guidance seekers with minor mental disorders better understand and manage their careers.
Central findings in the thesis show how the guidance seekers experience empowerment, such as developing a strong sense of belonging to the workforce or education, and how certain framework factors in guidance sessions are important for guidance seekers with minor mental disorders. Guidance seekers need to be recognized in an appreciative way, which includes an understanding of the fact that they own their own stories. They can also experience empowerment by gaining insight into their reaction patterns and career learning on how to manage transitions in life.
The thesis suggests potential connections and development between career guidance and mental health care, and the empowerment perspective can serve as a bridge between them.