Nasjonalparkar og lokal verdiskaping - ved lokal forvaltning
Abstract
Denne oppgåva tek for seg den nye lokale forvaltningsmodellen for større verneområde i
Noreg, og freistar å sjå om denne forvaltningsmodellen kan føre til auka økonomisk verdiskaping i nasjonalparkane tilhøyrande randsoner.
Regjeringa avgjorde å innføre den lokale forvaltningsmodellen sumaren 2009. Den lokale
forvaltningsmodellen inneber at nasjonalparkane med tilhøyrande landskapsvernområde og
naturreservat, no vert forvalta av interkommunale nasjonalparkstyre. Tidlegare har det vore statleg forvaltning av verneområda i Noreg, og fylkesmannen har hatt forvaltningsansvaret.
Sidan byrjinga av 2000 talet kan ein sei at det frå regjering og Storting i Noreg har vore ei
sterk auke i fokus på vern og verdiskaping. Særleg har det vorte trekt fram at
nasjonalparkane skal vere ein ressurs for lokal verdiskaping i distrikta. Denne oppgåva
freistar då å setje søkeljos på samanhengen mellom den nye forvaltningsmodellen som er
innførd, og lovnadane om satsing på vern og verdiskaping, med fylgjande problemstilling:
Kan lokal forvaltning av nasjonalparkar bidra til auka lokal økonomisk verdiskaping i og kring nasjonalparkane?
Som grunnlag for å kunne svare på problemstillinga har det vorte utførd kvalitative
djupneintervju med medlemmer i Rondane - Dovre og Jotunheimen nasjonalparkstyre, samt
at representantar frå den tidlegare forvaltninga hjå fylkesmannen i Oppland har vorte
intervjua. Sidan samanhengen mellom den nye forvaltningsmodellen og verdiskaping i og
kring nasjonalparkane er lite utforska, nyttar ein i oppgåva eit eksplorativt forskingsdesign.
Problemstillinga vert freista belyst ved hjelp av opplevingsøkonomi, innovasjon og
entreprenørskapsteori, interessentteori og teori kring sjølvstyre. Det vert også nytta nokre
relevante artiklar og fagrapportar, kring emnet nasjonalparkar og verdiskaping, for å belyse
problemstillinga.
Oppgåva byggjer på ei førehandsforståing om at nasjonalparkstyra kan spele ei rolle for lokal
verdiskaping, men at denne rolla er lite vektlagt i lover og formelle rammevilkår, og at styra
ikkje har nok makt, sjølvstyre og økonomiske ressursar til å bidra noko særleg til lokal
verdiskaping. Desse førehandsforståingane vert langt på veg bekrefta i den avlsuttande
diskusjonen i oppgåva.
Oppgåva konkluderer med fylgjande: Med bakgrunn i hovudfunna kan ein sei, på grunn av
nasjonalparkstyras manglande mandat og handlingsrom, er det lite truleg at lokal
forvaltning av nasjonalparkane for Jotunheimen og Rondaneområdet kan føre til auka
økonomisk verdiskaping i og kring nasjonalparkane
Andre interessante funn i oppgåva, er at det verkar som ein finn hovudtyngda av innovasjon
og entreprenørskap i nasjonalparkane innanfor det ein kan kalle naturbasert
opplevingsnæring. Vidare at Den Norske Turistforining synes å være ein svært sentral aktør i nasjonalparkane, og at ein difor for nasjonalparkane må utvide den velkjende
forklaringsmodellen for innovasjon og entreprenørskap, triple-helix modellen, til ein
quadruppel-helix modell kor friviljug sektor også er inkludert.