I kva grad har UiU gjort lærarane meir bevisste på skriving? Intervju av ressurslærarar med vekt på utvikling og suksessfaktorar.
Abstract
Norsk:Føremålet med denne oppgåva er å finne ut om satsinga Ungdomstrinn i utvikling (UiU) har gjort lærarane på tre skular meir bevisste på skriving. For å finne ut av dette har eg intervjua tre ressurslærarar som har hatt skriving som hovudsatsing gjennom UiU-perioden på sin skule. UiU gjekk føre seg frå 2013 til 2017, alle norske ungdomsskular vart inviterte til å delta og skriving var eitt av fire satsingsområde dei kunne velje mellom. 194 skular valde å arbeide med kompetanseheving kring skriving. Det er interessant å finne ut meir om kor vidt satsinga har sett spor i skulane, difor vart problemstillinga i oppgåva:
”I kva grad UiU gjort lærarane meir bevisste på skriving?”
Som undertittel har eg skrive ”Intervju av ressurslærarar med vekt på utvikling og suksessfaktorar” fordi metoden eg har valt er kvalitativt forskingsintervju med tre ressurslærarar. Før eg går inn i teoridelen i oppgåva, har eg forklara om grunnlaget for UiU. Teoridelen lagar grunnlaget for å forstå kva det inneber å drive skulebasert kompetanseutvikling innanfor skriving. Det blir forklara kva det vil seie å drive skulebasert kompetanseutvikling. Det blir også gjeve eit teoretisk grunnlag for å forstå skrivelærarrolla og skriving i tida vår ut frå eit sosiokulturelt syn, særleg med tanke på literacyomgrepet som var viktig da læreplanen Kunnskapsløftet kom i 2006. Metodedelen forklarar bakgrunnen for at det kvalitative forskingsintervjuet har vorte brukt i denne oppgåva, samt problemstillingar kring dette valet. Presentasjonen av det som kjem fram i intervjua tek utgangspunkt i ressurslærarane sine tankar om UiU-arbeidet ved skulen, om haldningane kollegiet hadde, om suksessfaktorar ressurslærarane vil framheve og om endringar dei såg. Dette har danna grunnlaget for ein drøftingdel som tek opp noko av det viktigaste ressurslærarane seier, samt set det inn i den konteksten som teoridelen har lagt. Drøftingsdelen ser på motivasjonen for utvikling ved skulane, endringane ressurslærarane beskriv og suksessfaktorane dei framhevar.
Hovudfunnet er at gjennom det ressurslærarane beskriv, så har det skjedd ei endring i kor bevisste lærarane er kring skriving. Noko av det som kjem tydeleg fram er at alle tre skulane var prega av gamal vane med tanke på skriving før UiU, og at etter UiU har lærarane vorte meir bevisste på si eiga rolle som skrivelærarar. Ingen av ressurslærarane meiner at kollegia deira har kome langt nok i arbeidet med å bli gode skrivelærarar, og endringane ved dei tre skulane er ulike. Det er vanskeleg å tenke seg at skulane ville kome like langt i dette arbeidet dersom dei ikkje hadde fått den tilrettelegginga dei fekk gjennom UiU. English:
The purpose of this thesis is to determine whether the initiative ‘Ungdomstrinn i utvikling’ (Developing lower secondary school education, abbreviated UiU) has raised teachers' awareness about writing at three different schools. To find this out, I interviewed three resource teachers who have had writing as their main focus at their school throughout the Uiu period. Uiu took place from 2013 to 2017, and all Norwegian lower secondary schools were invited to participate. Writing was one of the four focus area they could choose from, and 194 schools chose to work on raising competence in writing. It is interesting to find out more about whether the initiative has made a lasting impact on the schools, so I formulated the following research question:
"To what degree has UiU raised teachers’ awareness about writing?"
As a subtitle I have written: "Interviews with resource teachers where development and success factors are emphasised." At the start of this thesis I have explained the background for UiU. The theoretical section provides a basis for understanding what school-based competence development in writing entails. It describes school-based competence development. It also provides a theoretical basis for understanding the role of writing teachers and writing in our time from a sociocultural perspective, particularly with a view to the concept of literacy, which was an important element when the national curriculum for the Knowledge Promotion Reform was introduced in 2006. The methodology section explains the background to the qualitative research interview used in this thesis and issues relating to this choice. The presentation of findings from the interviews is based on the resource teachers’ thoughts on the Uiu work at their school, the attitudes of the teachers, the success factors the resource teachers want to emphasise and what changes they encountered. This forms the basis for the discussion section, which discusses the resource teachers’ most important points and places them in the context established by the theoretical section. The discussion section looks at the motivation for development at the schools, the changes described by the resource teachers and the success factors they emphasise.
The main finding is that the resource teachers’ descriptions indicate that a change has taken place in the teachers’ awareness of writing. It is clear that all three schools’ pre-UiUwork on writing was characterised by habitual thinking, and that after UiU, the teachers have become more aware of their own role as writing teachers. None of the resource teachers believe that their colleagues have come far enough in the process of becoming good writing teachers, and the changes at the three schools are different in nature. It is difficult to imagine that the schools would have come this far in the work if it had not been for the assistance provided by UiU.
Description
Mastergradsoppgave i kultur- og språkfagenes didaktikk, Høgskolen i Innlandet, 2018.