Skal vi la pasienten døy? Sjukepleiarstudentar sine erfaringar med å handtere utfordringar i simulering
Journal article, Peer reviewed
Published version
Date
2019Metadata
Show full item recordCollections
Abstract
Historisk har opplæring i sjukepleie vore tufta på ein tradisjonell modell for læring der praksis vert utført i situasjonar nært knytt til røynda. Teknologiske nyvinningar som simulering har endra dette. Simulering har den føremona at den kan førebu studentane på verkelege hendingar og støtta omsetjinga av teori til handling i trygge tilhøve. Forsking viser at simulering gir meir tid og høve til å konsentrera seg om det som elles berre er mogeleg å læra i komplekse og realistiske situasjonar. Denne artikkelen byggjer på ein del av prosjektet «Quality of Norwegian Higher Education 1 » og undersøkjer nærare studentar sine erfaringar med simulering som ein studentaktiv læringsform. Empirisk er artikkelen tufta på intervju og observasjon av studentar som viser at ei vellukka simulering er avhengig av at fagpersonell handterer forventa og uventa situasjonar under sjølve prosedyren, som til dømes spørsmål av typen «skal vi la pasienten døy». Samstundes må fagpersonell ha evne til kritisk gjennomgang i etterkant av aktiviteten, noko som ofte vert rekna som det mest effektive og krevjande elementet med tanke på læringsutbytet. Studentane er nøgde med læringsmetoden, men framhevar tydinga av verkelege erfaringar og oppfylging undervegs. Fylgjeleg reknar dei simulering meir som god teoriundervising enn som ei erstatning for røynda.