Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorChristensen, Marte
dc.date.accessioned2021-05-07T07:00:14Z
dc.date.available2021-05-07T07:00:14Z
dc.date.issued2021
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2754043
dc.description.abstractDenne masteroppgåva i spesialpedagogikk omhandlar pedagogar i barnehage sin sjølvrefleksjon. Oppgåva sitt formål er å få innsikt i korleis refleksjon over eige sjølv i samspel med barn i barnehagen føregår og korleis refleksjonane kan bidra til bevisstgjering. Problemstillinga er: Korleis nyttar pedagogar i barnehage refleksjon som bevisstgjering kring eiga rolle i samspel med barn? Valt forskingsdesign for å belyse problemstillinga er kvalitativ metode og halvstrukturert intervju av fire pedagogar i tre ulike barnehagar. Funn frå intervjua vert analysert og fortolka i lys av den vitskapsteoretiske ramma hermeneutikk og den teoretiske bakgrunnen nøkkelomgrepa dannar, saman med det dialektiske perspektivet på relasjonar. Sentralt i fagteorien er korleis bevisstheit kring vår eiga historie spelar ei rolle, korleis vaksne sin sjølvrefleksjon påverkar barn si utvikling og barnehagen som arena for sjølvrefleksjon. Oppsummert viser studien at pedagogar i barnehagen reflekterar over eige bidrag i samspel med barn ved å ha eit forhold til og å vere kritisk til eigen praksis, og ved å sjå på faktorar som kan distrahere dei vaksne. Funna viser at refleksjon over vaksne si rolle i samspelet med barn både er indre motivert ved at det rører ved noko i individet og ytre motivert ved at prosjekt eller liknande set refleksjon på dagsorden. Pedagogane peikar på sitt eige ansvar i samspelet som viktig. Pedagogane skildrar at refleksjon vert nytta som bevisstgjeringsverktøy ved at personalgruppa arbeider som ein reflekterande kultur og at verktøy som bidreg til å systematisere arbeidet er hensiktsmessig for bevisstgjering. Å kunne pirke i kvarandre sin veremåte, å ta opp vanskelege samspel og gje tilbakemeldingar til kvarandre i kvardagen er kjenneteikn ved kulturen pedagogane skildrar. Mange av verktøya som vert nytta av dei fire intervjua pedagogane støttar ein slik kultur.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskolen i Innlandeten_US
dc.titleSjølvrefleksjon som verktøy for bevisstgjering i barnehagenen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.subject.nsiVDP::Samfunnsvitenskap: 200::Pedagogiske fag: 280::Spesialpedagogikk: 282en_US
dc.source.pagenumber100en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel