dc.description.abstract | Formålet med denne oppgåva har vore å sjå på næringsutviklinga i regionen
Nordhordland. Kva som er det kommunale næringsutviklingsarbeidet og kva slags roller
kommunane har. Med utgangspunkt i utvalde kommunar i Nordhordlandsregionen har studien
fokusert på korleis dei arbeider med næringsutvikling og kva for roller dei har.
Regionens kjenneteikn omfattar styrker og svakheiter ved næringsutviklinga i kommunane i
Nordhordland. Det vises ved tal frå Statistisk Sentralbyrå.
Teorigrunnlaget for oppgåva er litteratur omkring næringsutvikling. Det er delt opp i tre delar.
Første del handlar om næringsutviklingsarbeid og omfattar kommunanes arbeid med
ressursutnytting, fremming av entreprenørskap og organisering rundt utviklingsarbeidet.
Andre del handlar om kommunanes roller og omfattar kommunale roller i eit institusjonelt
perspektiv, utviklarrollar innanfor kyst og havbruk og om kommunar har ei minimalistisk
eller ei offensiv utviklarrolle.
Den tredje og siste del i teorien handlar om kommunalt og interkommunalt samarbeid samt
klynger og nettverk innanfor næringsutvikling.
Problemstillinga har blitt svart på gjennom ein kvalitativ studie der det blei gjennomført
intervju med konkrete representantar for kommunens arbeid omkring næringsutvikling.
Datamaterialet frå studien blei analysert og funna er presentert ut i frå
næringsutviklingsarbeidet i kvar kommune og ulike rollar som kommunane har omkring det.
Resultata frå studien viste at det er stort fokus omkring næringsutviklingsarbeid i alle
kommunane og at dei arbeider ut ifrå kva slags ressursar dei har. Hovudfokuset i
næringsutviklingsarbeidet er tilrettelegging av næringsareal og fremming av entreprenørskap.
Den viktigaste rolla til kommunane er rolla som tenesteleverandør, elles var rolla som
tilretteleggar den viktigaste omkring næringsutviklingsarbeidet. Man kunne og sjå at
kommunane har meir eller mindre offensive utviklarroller.
Elles kunne man sjå i studien at kommunalt og interkommunalt samarbeid kan styrke
næringsutviklingsarbeidet i regionen og at framtida har tre alternativ for kommunane i
Nordhordlandsregionen. Dette er å halde fram med interkommunale samarbeid eller
samanslåing av alle eller nokre kommunar i regionen. | nb_NO |