- Utforske, det er eit vanskeleg omgrep. Ein studie av korleis fire lærarar arbeider med utforsking i utforminga av skriveoppgåver i norskfaget.
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3019756Utgivelsesdato
2022Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Føremålet med denne masteroppgåva er å undersøke korleis fire norsklærarar utformar utforskande skriveoppgåver på ungdomstrinnet. Med fagfornyinga vart det eit fokus på omgrepet utforske i læreplanen i norsk. Norskfaget har eit særleg ansvar for skriveopplæringa (Kunnskapsdepartementet, 2019, s. 4), og ifølgje Ongstad (2009, s. 74) er skriveopplæringa sterkt oppgåveorientert. For å arbeide utforskande i norskfaget kan lærarane dermed utforme utforskande skriveoppgåver.
Problemstillinga er: korleis utformar fire norsklærarar utforskande skriveoppgåver på ungdomstrinnet?
Kvalitativt intervju blir brukt som metode for å undersøke korleis fire norsklærarar forstår omgrepet utforske og korleis dei utformar eller vil utforma utforskande skriveoppgåver. I tillegg blir kvalitativ innhaldsanalyse av skriveoppgåver gjennomført for å undersøke kva som gjer skriveoppgåvene dei fire norsklærarane har utforma, utforskande. Masteroppgåva viser norsklærarar si forståing og deira handlingar kring korleis ein kan designe utforskande skriveoppgåver.
Gjennom intervju kjem det fram at norsklærarane oppfattar utforske som eit omfattande omgrep. Dei framhevar blant anna at å utforske vil seie å undersøke, samanlikne, drøfte og drive med sjangerutprøving. Vidare ser norsklærarane nær samanheng mellom utforsking og refleksjon, og mellom utforsking og kunnskapsutvikling. Intervjua viser at norsklærarane meiner at for å utforme utforskande skriveoppgåver, må ein lage oppgåver som ikkje legg opp til ein fasit.
Eit sentralt funn er at norsklærarane fortel at dei aldri har arbeida bevisst for å skape skriveoppgåver som inviterer til utforsking. Likevel viser innhaldsanalysen at det finst potensial for utforsking i skriveoppgåvene deira. Innhaldsanalysen viser korleis ordval, spørsmålsstilling, føremål og mottakar i skriveoppgåvene kan bidra til å påverke eller avgrense moglegheita for utforsking. Title: - Explore, a Difficult Term. A study of how Four Teachers Work with Exploration in the Design of Writing Assignment in Norwegian Language Classes.
The purpose of this master thesis is to explore how four teachers teaching Norwegian in secondary school design writing assignments that are exploring. When the new curriculum in Norwegian was introduced in 2020, it focused on the term explore. The Norwegian subject has a certain responsibility for writing training (Kunnskapsdepartementet, 2019, p. 4), and according to Ongstad (2009, p. 74) writing training is strongly task oriented. To work exploratory in Norwegian the teachers can design exploring writing assignments.
The following research question will be answered: How does four teachers teaching Norwegian design exploratory writing assignments in secondary school?
Qualitative interviews are used as a methodology to examine how four teachers in Norwegian understand the term explore and how they design or want to design exploratory assignments. Additionally, a qualitative content analysis of the assignments was conducted to examine what made the assignments exploratory. The master thesis shows how the teachers in Norwegian understanding and their actions related to how to design exploratory writing assignments.
Through interviews, results show that the teachers perceive exploration as a comprehensive term. They highlight that to explore means to examine, compare, discuss, and try different genres. Further, the teachers see close context between exploration and reflection, and between exploring and development of new knowledge. The interviews show that the teachers means that to design exploring assignments, they need to design assignments that does not have a correct answer.
A central finding is that the teachers in Norwegian explains that they never have worked consciously with creating writing assignment that invites to exploration. However, the content analysis shows that there is potential for exploring in their assignments. The content analysis shows how choice of words, formulating of questions, purpose and the recipient in the assignments can contribute to affect or limit opportunities for exploration.