«Språk kan beskytte deg jeg tenker»: Ein etnografisk studie av investering i norsk som andrespråk
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3077667Utgivelsesdato
2023Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Føremålet med studien har vore å søkje kunnskap om kva faktorar som ser ut til å påverke læringa av eit andrespråk. I ein norsk kontekst er det behov for auka kunnskap om språklæring og særleg frå eit innlæraraperspektiv. Slik kunnskap kan gjere at lærarar får ny kunnskap om korleis dei kan hjelpe innlærarar til å investere i andrespråket sitt. Problemstillinga eg har arbeidd utifrå er: Kva faktorar kan påverke investering i norsk som andrespråk, og korleis synest identitet å spele ei rolle for investering? Det teoretiske rammeverket for studien er Norton (2013) sin investeringsteori, med hovudfokus på omgrepa identitet og kapital der framtidsperspektivet er sentralt.
Problemstillinga blir belyst gjennom to kvalitative djupneintervju med kvar deltakar i studien, klasseromobservasjonar og samtalar med lærar. Deltakarane består av vaksne innlærarar frå 20-40 år som tek norsk i vidaregåande opplæring og følgjer Læreplan i norsk for språklige minoriteter med kort botid i Norge - videregående. Feltarbeidet føregjekk omlag eit halvt år.
Studien ser i hovudsak på innlærarane sine historier og opplevingar, og observasjonane fungerer som supplement til intervjua. Empirien konkretiserer kva faktorar som ser ut til å påverke innlærarane si investering i språklæringa. Funna indikerer at det er ein viss samanheng i kva som påverkar innlærarane, men at faktorane påverkar ulikt. Nokon av faktorane er moglegheit til å praktisere, tidlegare erfaringar og kva dei ønskjer å gjere i framtida. The purpose of this study is to explore which factors that seem to affect second language acquisition (SLA). In a Norwegian context, there is a need for increased knowledge about SLA and especially from a learners’ perspective. This knowledge can lead to insights into how teachers can help learners to invest in their second language. My research questions are: What factors seem to affect investment in Norwegian as a second language and which role does identity seem to have for investment? The theoretical framework is Norton’s theory (2013) of investment, with a particular focus on identity and capital, where the perspective on the future is central.
The research questions were explored through two qualitative in-depth interviews with each informant, observations in the classroom, and conversations with their teacher. The participants are adult learners between 20-40 years who are taking Norwegian at the Upper Secondary level, but they are following the Curriculum in Norwegian for linguistic minorities with short residence in Norway – Upper Secondary School. The fieldwork took place for approximately six months.
The study focuses on the learners’ stories and experiences, and the observations serve as a supplement to the interviews. The data specifies the factors that appear to affect the learners’ investment in language learning. The findings indicate that there is a certain correspondence in what affects the learners, but the factors affect them differently. Some of the factors are access to opportunities to practice, previous experiences, and what they want to do in the future.