«Ei mil vid og ein tomme djup»? – ei undersøking av innhald og undervisning i kroppsøving på ungdomstrinnet i Noreg
Peer reviewed, Journal article
Published version
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2679669Utgivelsesdato
2020Metadata
Vis full innførselSamlinger
Originalversjon
Journal for Research in Arts and Sports Education. 2020, 4 (1), 34-51. http://dx.doi.org/10.23865/jased.v4.1749Sammendrag
Hensikta med denne artikkelen er å undersøke om og eventuelt på kva måtar kroppsøvingsfaget kan skildrast som «ei mil vid og ein tomme djup». Artikkelen går dermed inn i ein aktuell skulepolitisk kontekst som vektlegg djupnelæring og konsentrasjon om kjerneelement i fag. På bakgrunn av ei miksa-metodestudie der vi har gjort ei spørjeundersøking blant elevar og fokusgruppeintervju med lærarar viser vi at faget ser ut til å vere prega av eit snevert utval av aktivitetar og ein tradisjonell undervisningsmetode. Samstundes ser vi at lærarar og elevar oppfattar at sosiale og emosjonelle kompetansar er viktige i faget. Sett i samanheng med både nasjonal og internasjonal forsking på kroppsøving tyder undersøkinga vår på at undervisninga i kroppsøving er prega av det Sawyer (2014) kallar instruksjonisme: lærarstyrt overføring av kunnskap og ferdigheiter. Likevel er det grunn til å diskutere kva djupnelæring i kroppsøving betyr og om det er rett å knytte dette til utvalet av aktivitetar i faget.